Side:Kleiven - I gamle Daagaa.djvu/149

Denne siden er ikke korrekturlest
– 137 –

væl um han og han va ’taa-huldin ’taa heile Grenn. Da han fekk Helsotte, ha han vore sø-over aat Fron og Førr han naadde heim-i Bygde att, tok Sjukdommen han saa hardt, at han orka ikje aa gaa. Detta spordes uppi Ner-Heidalen og da reiste Gardmennann imots ve han og kappast reint um aa skjusse han heim att. Døm skjussa han kaar sitt Stykkjy og stelte me ’om som han skulde vore Far deres; han Per Horgje kjørde han uppi Tordssonplassen og mest trast han va heim-kome dø han.

Ja, saa va de Slette-Gutann han Eistin og han Paal. Døm va me i Hollstein baae tvo og da Hollstein-Ti’e va slutt, let baae tvo se kverve aat Livgarden, han Eistin sto ve Hestgarden og han Paal ve Fotgarden. Han Paal va saa framifraa stout ein Ongdom, høg vælvuksin, og han va hulde for den vakraste Ong-Kar’n som gjekk aat Heidals-Kjørkjun. Og i Magt trudde døm hell-ikje, at de fannst nugun a’an hell Stor-Heringsta’n som kunde ha forr de me ’om. Da Hollstein-Karann fraa Heidale skulde reise, va døm samla i Garde paa Slette og saa mange Stor-Rugge, som de kom te-samen der, den Gongen, sa gamle Folk døm alder ha seett i Heidale i sitt Minne og døm trudde, de vilde gaa lengje, førr nugun vilde faa sjaa de att, ou. Der va baae Slett-Gutann, Tordsson og han Per Slaa’n, saa va de baae Revshoug-Karann og han Gardi-Ellan – alle sa, at sjoug slike Vyrkje kom ikje naagaa lite Kjørkje-Sokn te aa sende aat Hollstein. Folke, som gjekk og saag paa desse onge, gjilde Gutann ondrast se imillom paa, kem som va den magtogaste. Di meste trudde, at han Paal Slette og Tordsson lout vera Loukann, men de fannst døm som vilde vaage, at ingen ’taa di andre orka aa leggje han Gardi-Ellan paa Ryggen. Summe tykte de skulde vore Moro, aa seett han Paal Slette og Tordsson ha knept ivi Ryggen, for døm va baade di føraste og di stoutaste paa Vokst, og saa vart de saa, døm tok eit Ryggje-Tak ut-i Slette-Garde. Tordsson tapte, men han ha endele vilja, døm skulde tikji eit Tak te, men da kom Far hans Paal og nekta døm aa gjera meir ’taa di.

Da han Paal Slette kom i Livgarden vart han Fløygmann paa høgre Fløyg og fyste Gongen Fotgarden ha Mønstring ette han Paal vart Fløygmann, rei’ Kongen inn-aat ’om og klappa han paa Oksle, „min smukke Nordmand!“ sa han. Mea’ han va