ve Garden tok han ofte for Moro Skull Tak ve di andre Gardistann baade fraa By og Bygd, men ingen saag, at han vart lagt paa Ryggen, nugun Gong. De va ei ong rik Enkje i Kjøpenhamn, som fekk sjaa den nye Fløygmann i Fotgarden og ho vart so hoga ette ’om, at ho vart nere galin. Ho gjorde Baa paa han og fekk taalaa ve han og ho ha endele vilja døm skulde gjifta se. Men han Paal sa beint Nei – han ha att ei Jente i Heidale, paa Sygard-Fouksta, som han alder kunde sleppe utu Hogje, korkje for Rikdom hell Magt. Og for henna Skuld va han hell-ikje go-te aa trivast ve Garden, han gjekk og ilengdes heile Ti’e. Han ha ein go Ven ve Garden, ein heitte Iva Semonsson fraa Heidale, og ve han taalaa han um, kaar han stonda heim-att og kaar mykjy forr-meir allt va uppi Ner-Heidale, hell der i di store By’n. „Aa, kjøm du ihog kaa oss dansa paa Sygards-Laava, ein Housten!“ sa han aat ’om Iva, eingong, og paa den Gjerde gjekk han stødt, berre kom ihog Heimbygde. Difor vart han ikje meir hell eitt Aar ve Garden hell, da Aare va ute fekk han Fri-Pass og di andre Heidølinn ha den True, at han ha kjøpt se lous. Da Garden ha Mønstring fyste Gongen ette han Paal va burte, sakna Kongen ’om. „Hvor er den smukke Kerl paa høyre Flei?!“ sporde han. Da va de ein høg Offeser som svaaraa, at han va dø. Trast han Paal kom heim att gjifta han se og kjøpte ein Gard paa Lesja heitte Avdem, og fløtte dit. Men ikje mange Aar ette kjørde han ne-paa[1] Lesja-Vatne og bleiv.
Han Eistin Slette va „Lakei“ hjaa Feldtmarskalk Arnoldt firi Hollstein-Ferd’n og hjaa honom va han i Tenest i hal’femte Aar. Arnoldt ga ’om Eistin go’e Lovord for tru Tenest og ha berre de som godt va aa seja um han. Da han sa upp Teneste hjaa honom let han se kverve aat Livgarden te-hest og sto der i fem Aar fraa 1759 te i 1765. Han Eistin va korkje saa stor hell saa stout Kar som han Paal va, men naar han kom paa Hestryggen ruvde han for aa vera viss-saa stor og i Sale va han ein røsle Kar. Da han kom att fraa Garden ha han me se mykjy fine Ting, baade Bona og Stas som Folk ofte gjekk inn aat ’om for aa sjaa paa. Han livde ogjift og budde paa Slette te sin
- ↑ kjørde ne: kjørde gjønom Isen.