Side:Kleiven - I gamle Daagaa.djvu/152

Denne siden er ikke korrekturlest
– 140 –

mangt, som va ovørdsle og lite søm’le. Summe ’taa døm, som sto ve Garden, va naagaa Aagaa-Løysinge naar døm kom heim-i Bygde att, og døm ha lært se te aa vera store Otyrmo paa mange Vis. Eingong sto han Gardi-Gottorm[1] Skrift ve Kjørkja, kaa de no va for Gale han ha gjort, de va enda mea’ Monken[2] va her og de va Gut, som kunde møykje, kem de skulde vera. No va de brukele, at den Syndar’n som sto Skrift, lout stige uppaa ein Stol ne-me Preikstole og staa der i Ougom paa heile Kjørkje-Aalmuga mea’ Presten heldt Skrift-Tala for ’om og detta gjekk for se me di saamaa Presten va ferdog me Preikun og kom ne ’taa Preikstole. Da han Gottorm steig uppaa Skriftstol’n venda han se aat Monkje og sa: „den ene ned af Stolen stiger, den anden op igjen!“ Dessa Orde hans Gardi-Gottorm ha vore eit Ord-Tøkje i Bygden like te vore Daagaa.

Ordhittoge va døm, di Revshoug-Karann og de gaar att Hermo ette døm og er fortalt um Strøk, døm gjorde, enno. De va ei Kjering, heitte Kari Brennun, som budde i ein liten Heim onde Slette; ho ha ei einaste Ku og den ha ho inne i Stugun hjaa se um Vinter’n. Ein Vaar, da Krytyre kom fram-paa Markje, ha Kue henna Kari gjeve se me Slette-Bølingje og da ho Kari skulde binde inn Kue si um Kvell’n tok ho imisst og ba’tt inn ei ’taa Kjyom deres Slette. Folk tykte nok, at ho Kari va lite kjenn-spak[3] og han Tor Revshougje va te-rei’e me eit hittogt Ord: „en Okse kjender sin Eiermand og et Asen sin Herres Krybbe, men ho Kari Brennun kjennde ikje Kue si, ho ha gaatt i Brø’ me henne heile Vinter’n,“ sa han.

Han Gamel-Tord Slette paa Fougsta minntes væl dessa tri Revshoug-Karann og døm va jemnan i Arbei’ paa Slette mea’ han va Framveksting. Kaar Gong døm kvilte ette Maalom um Daagaane dreiv døm me Eksis burti Gamel-Stugun for Moro Skull. Eingong han Tord kom burti Stugo aat døm ette Maargaa’-Verde, kolna han like ne-i Tæ’n, da han fekk upp Døre –:

  1. Gardi-Gottorm, Gardi-Ellan o. fl. ha desse Upp-Namne for di døm sto ve Garden.
  2. Monken va Bygda-Uttala ’taa Namne aat Peter Munch som va Prest paa Vaagaa 1776–86.
  3. kjenn-spak: som er gløgg te aa kjenne att.