Side:Kleiven - I gamle Daagaa.djvu/154

Denne siden er ikke korrekturlest
– 142 –

og stappa han innast onde ei Seng som ein a’an Vott og den andre vart saa livande redd, at han skout se ut igjønom Glase. Og grummast de, at de va fraa øvste Høgden i di trihøge Stugun ette Sonde-Skrivare, han hoppa ne – saa de vart eit grepa Bykks han fekk gjera.

Mea’ han Per Horgje va berre Framveksting va de ein Saamaar han og tvo andre, naagaa meir te-komne Kare, laag ve Mug-Vatne og fiska; di tvo Gutann som va me ’om Per va tvo føre Kare, de ou, men ikje naagaa meir, hell se’vanle. Baae tvo ha slik Hog te aa faa sjaa, um han Per va saa sterk som han va stor og før te, og som de allt bar te aa gaa Ord um. Difor foor døm og masa me ’om, allt som jemnan um Daagaane og vilde draagaas ve han. Men døm fekk han ikje te aa taakaa imot se. Tett fram-me Fiske-Bu’n deres laag de ein stor Lyftar-Stein og han va saa tong, at tvo medels Kare ha nokk me aa lyfte han, naar døm tok ein i kaar sin Ende paa ’om. Ein Dag di tvo sat inn-i Bu’n, datt de naagaa saa tongt ne-paa Bu-Take, at døm kjennde kaar heile Bue skolv. Døm ut, maa’ta, og vilde sjaa, kaa detta va for ein Ve-Onder – jou, der ha han Per funne paa og tikji Lyftar-Stein og lagt han uppaa Bu-Take. Men sia’ truga døm han ikje ette aa draagaas ve han, Karann.

Gamlaste Syster hans Per va gjift aat Sygard-Kleppe og der i Gard’n kom han ein og a’an Gong imillom. Ne-i Jorde paa Kleppe laag de ein Lyftar-Stein som meir hell ein freista se paa; han va saa tong, at di meste ’taa medels Kare ha nokk me, aa lyfte han upp-fraa Marken me baae Henn, men de gjekk de Orde, at summe ’taa di gamle Kleppe-Karom skulde ha lyfta han me ei Haann. Ein Gong han Per Horgje kom der, va de nogre, som fekk han me se ne-i Jorde og kom dit Lyftar-Stein laag; døm bar te aa lyfte paa han, men han Per sto lengje berre og saag paa. Sist gjekk han sta’ og velta paa han lite, nei, dime rulla han Stein inn-paa høgre Armen sin og reiste se upp og sto me ’om paa Arme – enda va de ein, som kom me ein Stein-Klomp aa la uppaa att-paa. Slik Magt ha døm alder tenkt, de kunde vera i ei Menneske og døm vart staa-ande berre aa gape umkring han.

Mea’ han va i beste Aarom, va de ein myrk Vinter-Kvell