Side:Kleiven - I gamle Daagaa.djvu/156

Denne siden er ikke korrekturlest
– 144 –

sto tjukt me Folk ut-paa Garde og døm visste ikje, antell døm skulde tru sine eigne Ougo hell-ei, da døm saag detta – de va eit Tak, døm alder i sitt Liv ha seett Maakan ve, de sa døm alle som einn.

Ette han Per Horgje va ein oldrog[1] Mann va de ein Saamaar de kom Baa[2] heim aat Horgje fraa Budeiun deres i Mugsæter’n, at Grongen ha vorte saa olm at døm lout kaamaa aa haa ei Raa’ me ’om, og de trast, ou. Han Per gjekk te-sætra sjøl, da han fekk Baa’e, og kom aat Mugsætrom te de Bele, Kue kom heim um Kvell’n. Grongen kom firi, boula og rengde Ougom og sleva[3] saa Taamann hekk i Markje, de va eit stort Beist i fjorde Aare og han saag ikje mykjy tyle ut. Men han Per rugga imots ve han og Grongen kom paa sneitt, skreik i og va ferdog te aa taakaa han paa Hønne. Jou, me di saamaa sat han Per i Hønnom paa ’om og gjorde ein go Tverr-Vipp saa Grongen datt aat Marken, som han skulde vore skotin. Saa ropte han paa Budeia, at ho skulde kaamaa me ein Stour og dengje Grongen de, ho orka, mea’ han laag og heldt han ne-aat Marken. Ho saa gjorde, ho slo og dengde me ein Ha’fell-Stour saa berre Flisinn dreiv. Sia’ saag døm ikje naagaa Illt ’taa ’om um Saamaar’n og han vart saa hogg-redd at berre Budeia tok ein Kjepp i Hande, la han paa Sprang onda.

Ein Houst døm slagta paa Horgje gjekk de paa skjeivt me ein fir-ærings Ukse da døm skulde leggje han paa Sle’an. Slagtar’n slo Dask i Dask, men Uksin sto; da va de ein ’taa di andre, som stakk han i Nakkjin, saa han datt ne-paa Føt’n sine, men de barst ne-i Garden ista’n-for paa Sle’an. Døm va fire vaksne Kare, men døm evla ikje aa faa han uppaa Sle’an att, enda Ongmann, han Per, va me og de va baade stor og sterk Kar – han Gamel-Per sjøl ha no sute paa Fø’-Raa’ i mange Aar han, da, og va inn-mot di fire Tjuge. „Nei, no lyt eg nok gaa inn aat ’om Far, saa kanskje hjolp han oss lite“ sa Ongmann og gjekk burti Fø’raads-Stugo aat ’om. Gamlin va ikje uppe enda, men han ha paa se Brokje, kjippa Skone paa se og kom trast.

  1. oldrog (oyldrog) sa di Gamle, no ha Uttala vorte aldrog (eildrog).
  2. Baa, er di siste 3 Manns-Aldran vorte Bo.
  3. sleva, ’taa Slevo: slagga, „sikla“.