Saa steig han uppaa Sle’an, reiva Tagle paa Uks-Rompun umkring høgre Hande og tok i. „Ohm!“ sa han og tok Uksin inn-paa Sle’an me eitt Rykk!
Heile denne Horgje-Ækte ha vore framifraa store, sterkvuksne Folk, ne aat vore Daagaa; døm ha vore ’taa di helsogaste og magtogaste Folkje i Bygden og mange ’taa døm ha livt te inn-aat Hondrede-Aars Aldre.
Han budde for de fyste inn-paa Toulsta-Aase paa ein Plass kallas Hougstul’n onde Toulsta og den Gongen laag Heimen hans reint einstaakaa i tjukke Skogje. Han Jakup va kjennd for aa vera ein nouande go Kar, men han va berre stutt-vuksin og ruvde ikje mykjy. Og saa va han ei Eiter-Kveise saa forrskorin, at han styrde se ikje de mindste, naar Sinne kom paa han og lite skulde de te, førr han fouk upp, som naar ein set Eld paa Turr-Eine. Naar Stor-Sinne beit han, va han baade stygg og farle, men saa va han snar te aa blidge se att, ou.
Ein Kvell, mea’ han va paa Toulsta i Vaar-Onn, va han stygg og sinnt da han kom heim te-kvells me Plog-Krøkje[1] sine, de ha gaatt ’om naagaa imot um Dagen, kaa de no kunde vera. Da han kom inn-i Stugo heldt Kjeringje paa og stappa Grouten fram-paa Golve, men da han saag, at Kvell-Vord’n ikje va kome paa Borde, hell, spraakaa Sinne paa han saa han hoppa midt uppi Groutgryta me baae di jordote Føtom sine. „Han er vorte rei, Jakup-Guten, no,“ sa Toulsta’n, han sa ikje meir um de, for han kjennde te ’om førr. Mann paa Toulsta den Gongen heitte Hans Paalson og va Le’smann i Bygden; han lika væl han Jakup, for han va ein ra’før og truverdog Arbei’s-Kar. De va smaatt um for ’om Jakup, han ha full Stugo me jamnsmaae Onge og Heimen va baade liten og laak den Ti’e. Men Toulsta’n va stødt baade beinksamd og hjolpsamd imot ’om saa han alder gjekk uppraadd fraa ’om, naar de va naagaa, han
- ↑ Plog-Krøkje: Plog-Beite; „Spand“.