Side:Kleiven - I gamle Daagaa.djvu/164

Denne siden er ikke korrekturlest
– 152 –

kaamaa uppaa Fjelle og ne-att i Ottdals-Li’n. Men da han skulde over Rinda, ha ho vukse saa grovt, at han vaadde te Haare hans flout, før han kom over. Da han kom heim va den gamle Stugo hans full ’taa Folk fraa Grend’n umkring, døm ha samla se hjaa honom, for de va tryggt for Skriu paa Svavarhougje. „De va ei laak Stugu-Hytte eg ha enda,“ sa han Knut, „men den Gongen va de mange, som va gla’e døm fann ho.“

Verten hans Knut, han Hans Sygard-Snele, va fæl te aa drikke og naar han va drukkjin, va han baade lei og ostyrle; han kom summe Gongo heim-att i slik Skapna, at Kjeringje litte ikje paa Liv. Men naar ho ha han Knut paa Garde sto de ikje paa, for galdt de paa, saa tok han og sette Kar’n ihop, han, og Ei’e-Busin va han Hans redd.

Han Knut va ei fre’ele Menneskje og slost gjorde han alder, men henda de, at han vart nødd te aa bruke Magte, hell han vart saa upp-arga, at han ikje styrde se sjøl, saa va de som de skulde vore morkje[1], kaa han tok i. I ein Aksion va de ei stygg Slaast-Bikkje, ein grov Furk te Kar va de, ou, som sette se paa ein Son hans Knut som han miss-kjende for ein, han va Ovini me. Son hans Knut ha se onda og freista paa alle Gjerde aa faa han te aa skjøna, at han tok imiss, men de hjolpte ikje og Hogg skulde han faa. Men da kom han Knut sjøl fram-i: „der er Son og her ser du Far’n,“ sa han, „og eg ska Dj. annamme meg, forsvaaraa Gut’n, eg!“ og me di greip han denna Rengja og sette han inn-i ei Ro i Stugun saa Blo’e sto utu ’om.

Kjeringje hans Knut va ei grov Sinna-Tero og saa arg, at ho alder kunde gje se; ho kunde skaapaa se saa skjell-lous[2], at ho gouv kav paa han imillom. Eingong døm fløtte ne ’taa Sæter’n, fekk ho ei Stygge-Ri’ og skapte se rang og sinnt aat Manne, døm va no gamle vorte, ou, baae tvoug. Han Knut vilde bera me se ei stor Mysu-Flaske og den ha han lagt paa Ryggen og va kome paa Vegen me; da rende ho ette og va go-te aa faa han ikoll fram-me ei Skjigards-Ha’felle. „Jou, einn Gong ska eg bli Mester, eg ou!“ skreik ho. „Ska du bli Mester, er de F. saa

  1. morkje: upp-tærd ’taa Alder hell Ve’r.
  2. skjell-lous (skil-lous): som ikje kan halde Skjel paa se, ikje styre se.