Side:Kleiven - I gamle Daagaa.djvu/166

Denne siden er ikke korrekturlest

laag han i Fjelle mest stødt, paa Fisking og Skjoting um ein-a’an. Og Skjyttar-hog ha han saa stor, at døm, som fyl’de ’om i Fjelle sa, døm alder ha seett nugun saa forr-herdog, som han Tars. Naar han stillte paa Rein, saa va han saa gjert, att han bevra all upp og Skraa-Nebbann hans hakka upp-og-ne, upp-og-ne, mot Fjelle mea’ han drog se fram og fram i Stillande[1]. Men va han fyst fram-kome og fekk skjote, saa gjorde han korkje dildra hell skolv lenger, da va han stø i Kroppe.

Han Sta’e-Lars va ein stout Kar, frisk og væl-vuksin, ein Springleik-Dansar ’taa di fyste og ein Kolv te aa gjera Ronnkast. Ein lett-verle, morosamd Selle va han ra’e og stødt, kaar han foor; han fekk de hogle og livle langt um-kring se. Ho taalaa saa ofte um han Lars, Gamla paa Snele; han va me i Vaar-Onn der ein Vaar, og kaar Gong Karann gjekk ut-att ette Maalom, saa va ho viss paa aa sjaa Fota-Bla’e hans Lars upp-onde Kolle i Sval-Dør’n, me di saamaa han foor ut-ivi Svaldør-Stokken. Ho sa de ou, Gamla, at ho tykte de vart reint som tomt i Huse ette ’om, da han va ferdog paa Garde. I Lag og Leik va de ikje Maakan hans Sta’e-Lars te aa faa Moro paa Gaang; og slik Kar, som han va te aa laate paa Munnhorpa! – han leet saa han mest kunde klomse Folk me Horpe-Læte sine. Han va no namnspord ou, saa vidt han foor, for de.

Folk, som er paa den Lynnska, som han Lars va, og som ha saa godt for, aa kaamaa se me Alle, er jemnan slike, at døm traast ette Leik og Moro te kaar Ti’ og Stonn. Døm tek Moro naar ho kan vera aa faa og tenkje ikje stort paa Framti’e. Og paa den Visen va de me ’om Lars; men rokk ikje de morosamde lenger, saa drog han te-fjells og fiska og skout og skar ut me Tollknive. Han gjifta se ti’le men nugun troust og tru Kar te aa draagaa Umsorg for Kjering og Bon, vart han ikje. Me honom og Kjeringen drog de ikje likt og de enda me, at døm fløtte fraa eina’an og livde se og kort. Kjeringje tok di tvoug Bone deres og han Lars gjekk lous-um-gard i Fjell og Fyru, kaar de best fallt se. Ofte fekk han Hog te faaraa utu Bygden og va

  1. Stillande, eit Stillan: de Stykkjy Skjyttar’n lyt „stille se“ fram for aa kaamaa i høvele Skot-Maal; eit godt Stillan: godt Lende aa stille fram paa.