Side:Kleiven - I gamle Daagaa.djvu/167

Denne siden er ikke korrekturlest
– 155 –

burte lange Ti’inn. Men naar han da kom att-i Heim-Grende, va han dubbelt kjærkomin, for da ha han mangt aa fortelja og Kjenningann hans og Ongdommen tykte, de va forkunt aa raakaa han Sta’e-Lars att.

Mea’ han va i beste Aarom sine, heldt han se mykjy i Valders; og der va de saamaa-eins me ’om som i Heimbygden, han va væl-lika og um-tykt, kaar han kom. Han va me døm i Gjestbo’om deres, leet paa Munnhorpa og dansa i Kapp me døm, „han Lars i Sta’e“ vart reint ein Grum-Gut i Valders. Han taalaa mykjy um de, sjøl, og eitt Gjestbo’ tykte han bar Prisen for alle.

„Brennvin ha oss Nøgde ’taa,“ sa han „og dansa gjorde oss saa Golve va verre hell de argaste Fjosgolv. Springleiken gjekk saa Stugo huska og Valdersann gjorde Kast og trilla som Sekkje ette Golve – men sto paa Føtom, gjorde eg og va ikje ikoll fyste Gongen!“ Valdersann tykte ou, at han Lars va Gut som trotta Brennvin, og naar han bar te kaste se paa Golve paa Døla-Gjerde si, va de tett-ve han bytla døm. Attaat heldt døm han for aa vera saa før og drug paa Vokst, at han Lars sjøl ha go Moro ’taa di. I Oustre Sli’re va han lengje paa ein Gard og der va de ei Jente, som soma ei ny Stri-Skjurte aat ’om. „Ha du mælt Halsloko paa’o Lars?“ sporde Mann i Huse, „du maa endele mæle Halsloko paa’o Lars!“ sa han, for elles va han redd, Skjurta skulde bli trong um Halsen. I Valders fekk han gjort se ei Munnhorpe saa avraa’e stor, og de va slikt Maal i henne, at de svaaraa i kaar ei Veggje-Spronge naar han leet paa ho. Ho va gjild, tykte han, me di, ho lyddes ivi heile Stugo um de daanaa paa Golve ’taa Springleikje og Hallingje. Naar han va heime paa Lalm att, imillom, og fekk Ongdommen umkring se, fann han fram Stor-Horpa og synte døm: „denne her leet eg paa i di store Bru’loupom i Valders!“ sa han og saa leet han „Filefjell-Leiken“[1] som han ha lært der i Bygdom.

Han va hendl me Knive, han Sta’e-Lars og skar ein rein og go Utskurd som la se godt. Nettup nugun Mester va han ikje, og de er lite sjølmerkt ved Skurd’n hans, men Døla-Krillann hans

  1. Filefjell-Leiken: „Taamaas-Klukke’Laatten“.