Side:Kleiven - I gamle Daagaa.djvu/172

Denne siden er ikke korrekturlest
– 160 –


Da Graamann[1] tok te aa kaamaa aat ’om Lars og han vart mindre go-te aa faaraa i Fjell og Fyru, brøkja han se upp ei litol Stugu nord-i Holongsøyom. Ho sto syna’-for eine Myroms-Plassen og dit va eine Dotter hans gjift. Ein Dag mea’ han heldt paa aa timbra paa Stugo si, raakaa han fram-i han Iva Bjønnsta, døm va gomolt kjennde og goe Venne di tvo og no kunde han Lars fortelja, at han heldt paa og bygde aat se. „Aa, de bli mang-ein Aas!“ sa han, som de skulde vore ein Stor-Bygna han sette upp – Moro lout han gjera ’taa Allt. I dessa Stugun budde han i mange Aar og me Tollknive heldt han se ’taa Bygden forutta Hjolp.

Saa fekk han saa leit eit Hals-Bylde ein n Houst; han vart gaa-ande me di i lang Ti’ for-utta de vilde bli nogor Vend me di. Heilt sengje-liggjandes va han ikje og berre saa vidt han heldt se uppe. Ein Dag mea’ dette va saales me ’om, va han Jakup Snele ve Holongen og mool; han Lars ha Stugo si nere ve og saa kom han og ga se i Snakk me ’om Jakup. Døm ha ofte vore te-samen i Reins-Fjelle, di tvo, og han Lars ha likesom vore fyste Lær-Mester’n hans Jakup me Reins-Vei’ingen. „Ja, no kjenne eg væl, at de er Douin eg ha faatt – eg bli alder frisk att meir“ sa han Lars. Aa, de va full ikje saa vonloust for ’om, svaaraa han Jakup. „Eg ha høyrt, at du nyst ha vore te-fjells og skote Rein, einn eg ikje skulde vore go-te aa kaame sø’ aat deg og faatt meg ein fersk Beta!“ sa han, „for de er no ikje naagaa saa grepa aat meg lell, som Reinskjøt.“ De skulde de no bli ei Raa’ me, svaaraa han Jakup og Dagen ette senda han me Bror sine baade naagaa Reinskjøt og ei Flaske me ferskt Malt-Øl. Da han fekk detta sa han: „Ja no eet eg ikje meir Reinskjøt, her i Verd’n, for dette Hals-Bylde kjøm te aa gjera Ende paa meg.“ „Du kan nok kaamaa deg att enno, lell,“ svaaraa hinn. „Sprikk Verken ut, saa kan eg bli att, men sprikk han inn, og de er eg mest viss paa, saa ryk eg me.“ Enno hekk de att naagaa Moro i ’om; da han tømde Ølflaska paa ei, han sjøl ha, vart ho so full, at de rann ut-over. Da han saag de sa han: „no fekk a børdt[2], sa Heggjerustin, han gjorde aat for

  1. Graamann: Alderdommen.
  2. faa børdt: faa nokk, de som trøngs; fullt upp.