Side:Kleiven - I gamle Daagaa.djvu/183

Denne siden er ikke korrekturlest
– 171 –
Han Stor-Jo og han Hans Hollbø.

Di tvo største og sterkaste Karann i Bygden for Hal’thondrede Aar sia’, ette som Folk trudde, va han Stor-Jo og han Hans Hollbø. Døm va som like høge di tvo, for da døm va onde Sylater-Maal hengde døm Kraaka[1] paa Øyra deres og ette di va døm minst 4 Tumme paa fjorde Alne. Men like paa Vakst va ikje di tvo Karann, han Jo va ein turr-lagd, hardvuksin og senolagd Kar, lang i Hendom og naagaa slutin over Kruggen, han va ikje nettup vakkert vukse. Hollbø’n, da, va fru’ug og tjukk-vuksin, bein og røsle me ein Vokst saa vakker all upp, at de er ikje godt um aa sjaa hans Maakaa. Kem, som va den magtogaste ’taa døm, va de ingen som visste.

Han Stor-Jo va upp-alin paa Svare nord-i Skogbygden paa Vaagaa; ette han vart vaksin Kar og ha tent Sylater, ha han ein liten Gard i Romsdale ei Ti’. Te-sist kom han se inn-paa ein Gard i Skogbygden i Heidale som heitte Kaggro og her livde han si Ti’; summe kalla han Jo Svare og summe Jo Kaggro, men Stor-Jo va de Namne, som baade va brukt mest og som høvde ’om best.

De tok te staa Ord ’taa Magten hans Jo førr for han vart Kongens Kar, og tri ’taa sterkaste Karom paa Vaagaa ba han aat se eingong i ei Julhelg og vilde freiste, um han va saa go Kar, som Orde gjekk. De skulde elles berre vera paa Go’o og for Moro. Alle tri desse Karann va helde for Kjempo og døm va i sine beste Aar ou, naagaa eldre hell han Jo; den eine ’taa døm heitte Jo Gjeffse og skulde vera den føraste ’taa døm. Da døm kom te-samen barst de te me Brennvin og han Jo Svare tok Drammann sine, men agta se væl for aa drikke meir, hell han ha godt ’taa, for han ha nok sine Tanke han, ou. Da de lei ut-i Leiken taalaa han Jo Gjeffse fram-paa um, at de skulde være Moro, no, døm va fire saa utu Grase vuksne Kare te-samen, aa tikji eit Ryggje-Tak paa Venskaps-Maate. Detta ha

  1. Sylater-Maale ha ein Tverr-Arm øvst paa som fall ne-paa Krona, naar Sylater’n vart mælt; den Armen kallas Kraaka.