og me di Namne gjekk han heilt te han i di eldre Aarom sine kjøpte ein liten Gard som kallas Bruruste og fløtte dit.
Skjyttar-Hogen va ’om Jo me-fødd; trast han va fram-sluppin bar han te aa gaa ette Fugle um Vaarann og han skout i mengde-vis me Barfugel, for de vanta ikje de Slage i Li’om de Bele. Trast han va væl fram-vuksin, drygdes de ikje lengje, førr de bar te-fjells ette Reine me ’om, de va no den, som sto i Hugue paa ’om fraa fyste Ti’. I di Daag’om va de go Reins-Von i Heim-Fjellom i Heidale og fyste Rein sin skout han i Blaahø’n 1812, da va han atten Aar gomol. Sia’ vart de ikje langt imillom Fjell-Ferdom hans, for Mo’syst hans va alder trong me aa leta han sleppe te-fjells me Riflun ei Viku att, imillom, for de glatt mest alder paa eit Dyr, naar han Jo berre kom uppi Fjelle.
Ho ha mykjy Hugsott for Fram-Ti’n hans Jo, Mo’syst hans; da han vart full-vaksin Kar, let ho han faa Handels-Pening te aa kjøpe Fe i Bygden. I tvoug hell tri Aar foor han me Fehandel og um Vintrann kjøpte han Smør og Vill-Vare og reiste inn-i By’n me; men han ga upp me Handele, mest trast, for han ha ikje Liv for honom. Di Handels-Peningann han fekk laant aa begjynde me, fekk han nok te-gjevandes hjaa Mo’syst sine, for da han fløtte fraa Heringsta va han go for vonoms fleire Hondrede. De heittes nok, at han ha Aars-Løn som ein a’an Tenar, fulle Klæ’e og ei Tynne Konn, men de vart no ikje te aa leggje se upp nugun Medel ’taa, maa’ta.
I 1836 fløtte han Jo fraa Heringsta og va hjaa Mo’bro sine paa Kruke i nogre Aar; der paa Garde heittes de ou, at han va Tenest-Kar, men de va no Børsa han dreiv mest me og i di Aarom han va paa Kruke, skout han saa mange Stor-Bukke, at baae Høgstugu-Svalinn og Staburs-Svalinn hekk fulle me Reins-Hønn. De va som ein Skog me Greine og Tinde paa Veggjom og Sval-Syllom, saa de va reint rart, aa sjaa de. Hu’inn og Hønne va de, han Jo sjøl gjorde se Nytte ’taa, Kjøte fekk døm paa Garde for Kløv-Øyk og Niste. Eitt Aar budde han i Vaagaa hjaa ei Hal’syster paa Blessom og tvo hell tri Aar hjaa ei Hal’syster paa ein a’an Gard, og denne Ti’e, han va paa Vaagaa, kom te aa setja Merkje paa han for alle hans Daagaa.