Paa denne Visen gjekk de, te han Jo Gjende va go’e Førretjuge
Aar. Ve de Leite sette han se upp ny Bu og nytt Nouster
ve Gjendes-Osen; han sette Huse paa søre Sia’ aat Ose og Bue
er uppsett ’taa klove Timber, ei litol, væl-gjord Bu, som enno staar
der like go. Ette han fekk Bue si ferdog, va de i nogre Aar
han laag ve Gjende baade Saamaar og Vinter saa-ner, som di
Gongann han lout te-bygda for aa mat-raa se og kjøpe se Lo-Ty.
I desse Aarom skout han over Tjuge me vaksne Bukke for Aare
og um Vintrann gjekk han ette Rupun. Da han ha ferdog Bue
si ve Osen, sette han upp ny Bu norda’ Gjende ou; de va ou
ei litol, lugum Timbra-Bu og her laag han mykjy naar han
gjekk i Fjellom paa den Kanten. Døm va no fleire Skjyttare um,
aa koste upp den Bue, men han Jo gjorde meste Arbei’e, rodde
Timbre nord-ivi Gjende og Klebber’n i Skorsteine, den store Aar-Hella,
tes-hell, ha han rodt i Baat fraa Gjendes-Ose. I desse
Aarom da han budde stadogt ve Gjende, va de døm bar te aa
kalle han Jo Gjende, de va enda Lom-Verinn som fyst ga ’om
Namne. Aa kalle for i saamaa Ti’om sette han upp ei Bu inn-i
Veodale øvst i Vaagaa-Eigun, synna’ Veo; Veggjin va mura og
berre Aasann og Take va ’taa Tre-Vyrkje. Han kom no ikje te
aa bruke denne Bue saa mykje og um eit Tjuge Aar vart ho
reint forr-fulle.
De va paa ei eigje Gjerd han dreiv Reins-Skjotingje si, han Jo Gjende. Mest alle Reins-Skjyttare, staar ette, aa leggje ne saa mange Dyr, som døm berre kan kaamaa te me; alle vel se ut di gjildaste fyst, men er de ikje anna aa taakaa te, saa fær Semlo og Smaa-Bukke vera goe nokk, de, som de gjeld um for mest alle, er aa „kjøta gjillt“. Men saales va de ikje me ’om Jo, naar han va kome te-fjells, for honom va de Stor-Bukkann de galdt um, døm va de han laag ette og hemta utu. Um han raakaa ein Reins-Hop som han fekk de Take paa, han sjøl vilde, saa løyste han ikje Skot paa han, va de ikje ein Stor-Bukk me i Hope. Difor va mesta den Rein, han skout i si Ti’, slike gamle,