Side:Kleiven - I gamle Daagaa.djvu/200

Denne siden er ikke korrekturlest
– 188 –

Stell, ha faatt se upp Hus og veelt um allt, som trongdest. Her kunde han raa se, som han sjøl tykte og skjote te-maals kaa Ti’ de va, de va ingen te aa liggje inn-i Hendom og vera att-i Vegje.

Han Jo vart gomol Ong-Kar te sin Døyan-Dag, og han va ou saa lite fellt[1] for Gjiftarmaal og Husliv, som nogor Menneskje kunde vera. Men de skjøna han nok ikje sjøl, maa’ta og han va ikje nettup ve-verd[2] me aa gaa einsle gjønom Verde. Og da han kjøpte Bruruste og bar te aa byggje upp og veele um den vetle Gard’n saa han sto der ferdog te full Busetjing, da laag nok den Tankjin atta’-for, at de skulde kaamaa Kjering paa Rumme, best de va.


Allt fraa di han Jo Gjende va i Uppvekste, ha han naagaa ve se, som skjølde han ut fraa Stor-Hope; han va slik, han gjekk og grubla paa Ting, som Folk for de meste ikje bryr Hugue sitt me aa tenkje paa. Millom di andre Ongdomme va de mest-som han ikje trivdest, hell ha naagaa Lag te kaamaa se me; han kunde nok vera me døm summe Gongo baade i Leik og Lag, men de, di andre ha Moro ’taa, tykte han de va lite ve. Hjaa andre fekk han litol Tye for desse Skull og ’taa di kom han te aa bli gaa-ande som for se sjøl. Einvis og stiv-gjord ’taa se va han ou og saa va de eit reint ostyrle Sinne i ’om, naar nugun kom te aa gjera ’om imot hell argast ve han, saa Jemn-Aldringan hans styggdest fraa ’om. Vart han aalvorsle sinnt, saa ha han ikje naagaa Skjeel paa se og saa brotande sterk va han att-aat, at de va reint Jutul-Magt, som budde i ’om. Saales saa va di andre Ongdommann halv-redde han og heldt se helst fraa ’om. Difor va han Jo allt i beste Ongdoms-Aarom sine paa go Veg te aa bli ein Ein-Støing og paa mange Vis voks den Hotten sjaa ’om, ette som Ti’e gjekk. Da han va i Tredeve-Aars-Alder’n kome og de vart i Fjelle han meir og meir tok te aa halde se,

  1. fellt: fallin, lagd, „skikket“.
  2. ve-verd (ve-væl me tjukk l): nøgd me.