Side:Kleiven - I gamle Daagaa.djvu/202

Denne siden er ikke korrekturlest
– 190 –

heldt døm Tankann sine um Tru og Kristendom hjaa se sjølve og sleppte ikje Bøken sine utu Skaape. Da kom de ny Prest aat Vaagaa i 1814 og han høyrde sjøl te di nye Ti’n; han va ein Mann me goe Gaavo og ein stor Talar og Aalmugjin tykte, han va go paa Stole. Mann tenkte nok aa gjort eit stort Arbei’ i Bygden, da han kom her og bar te aa leggje ut um „Fornuft“ og „Dyd“, „Fordom“ og „Overtro“ og um „Vindskibelighed“ og „Forbedringer i Landvæsenet“. Kjørkje-Folke ondrast, men tok ikje Tvil for de Fyste, men da han vaaga paa, aa bytte um Sporsmaals-Bøkom og trast ette vilde byte Salmebøkom ou, fekk døm Ougun upp og Presten fekk saa jemn og seig Mot-Bør, at han lout taakaa att den gamle Sporsmaalsbokje og finne se i, at Kjørkje-Folke song utu Kingo som døm ha gjort firi ’om. Presten fekk ingor Magt me di nye Tankom han bar fram, men di faa, som allt førr ha faatt døm i se, fekk meire Mo og større Ihog, da Bygde fekk ein Prest, som sto paa saamaa Si’a og døm heldt ikje lenger saa døl’t korkje sine eigne Tanke hell Bøken sine. De fannst paa-lag ei Tyl’t inna’ Bygde ’taa døm, som ha slept True paa Bibel’n og Kristendommen og som no vaaga se te aa reise paa Hugue, naar de høvde se.

Me summe ’taa døm kom han Jo Gjende i Lag ein og a’an Gong og døm samstava godt, baade um Prestann og Bibel’n og Hate hans aat baae voks. Um Prestann fekk han ei laak Tru allt da han va Framveksting. De henda, summe Gongo, han møtte me Ri-Hest ve Varp-Grinde og skjussa Presten aat Heringsta, hell han fyl’de om me Hest fraa Heringsta aat Varp-Grinn, naar de va Messe ve Heidals-Kjørkja. Og da rei’ denna store, tonge Mann saa Skumme volt ’taa Hestom og døm va nere sprengde naar han kom fram; men ikje nok me di – han Jo lout springe og halde Følgje, saa han sto te-rei’e aa leta upp og att Grindinn ette Vegje. Han sprang, saa han kjennde Blo’-Teven i Halse, lang Ti’ ette. ’Taa desse gjorde han Jo se di Tankann, allt i di Daagom, at naar ein Guds Mann ikje ha meire ’taa Hjert’-Lag, korkje for Folk hell Krytyr, saa va de paa Vone, kaar mykjy han sjøl trudde paa de, han sto paa Stole og preikte aat Folkje um. I Skula og i Prest-Motom ha han ou vorte forrsett lei allt de Tjaake um True; den gamle, utslitne Skulmestar’n som