gjekk paa Gravsens Bredd, gjorde ikje anna, Dagen igjønom, hell masa me aa lære døm Kakjismea utta-aat. Han Jo va gla’, han ikje kom utu henna i Skula, for døm, som lout lære Sporsmaals-Bokje, plaagast enno verre. Og i Prest-Motom va de saamaa Tjaake, upp-att og upp-att; gjekk han aat Kjørkjun saa sto Presten der og togg upp-att de saamaa og allt, baade de som sto i Kakjismenn og de, Skulmestar’n og Presten lærde døm um True, va saa klaassot[1] og vandt aa halde Greie paa, at de va den verste Plaaga, han Jo visste. Allt de gudelege fekk han imot og no, da han fekk høyre kaar Voltaire, Volney og mange fleire ha skrive um desse Tingje, og kaa mange, baade Bispe og Preste, sjølve trudde um Bibel’n, da fekk han Visse for, at de va som han ha tenkt: Kristendommen va naagaa Prestann ha funne upp for aa ha Magte ivi Folkje me ’om, og Bibel’n va berre gamle Eventy. De olst eit stort Hat i ’om Jo mot alle Preste og andre, som preikte Tru og Kristendom; han heldt døm for store Hyklare, alle ihop. Døm va sjølve saa lærde Folk, me saa go’e og greie Tanke, at de va ’om Jo beint ut omogele aa skjøne, at døm kunde tru paa Bibel og Kristendom, og naar døm likevæl sto der Aar ette Aar og loug me Villi, saa visste han ikje de verste, døm va verd. Og han spaaraa døm hell-ikje – han fortalde alle Folk han raakaa, kaa Prestann va te Kare og kaa Bibel’n og True va for naagaa Vaas, de va ei Væl-Gjerd aa hjaalpe Folk utu Prest-Valde. De oss ha aa halde oss ette, her i Verd’n, de va Vete, „Fornufte ho er Over-Grensa“ og naar oss heldt oss ette henna og gjorde Rett og Skjeel, trongde oss ikje aa gruble paa de, som oss ikje forsto, de kom oss ingen Veg me, lell.
Den, som kanhende gjorde han Jo Gjende best kjend me Tankom aat Voltaire og Volney for de Fyste, va ein Lutnan som budde i Bygden si Ti’. De va ein lentog og lett-liva Kar og han ha fylgt godt me i Bok-Avle som „Oplysningstiden“ bar fram. ’Taa Voltaire ha han lært aa spotte me Tru’n og han kunde kaamaa me Spe-Ord som beit, summe Ti’e. Hjaa honom fekk han Jo laane Bøk og døm kom te aa staakaa upp den Vegen han sia’ gjekk i di gudelege.
- ↑ klaassot: tofsot, ogreitt.