Side:Kleiven - I gamle Daagaa.djvu/207

Denne siden er ikke korrekturlest
– 195 –

som han stødt brukte te Mat-Bord i Kvandags-Lag. Ytst paa Tverr-Veggje hekk Riflunn hans i Ra’, fem hell seks paa Tal; onde døm sto eit stort, og framifraa gjildt Skruvste’ som han Hans Leirflaten ha arbeidt. Ve søre Lang-Veggen sto ein brei Benk som rokk fram-aat Skaarsteine; dette, og saa tvo hell tri Krakke, va heile Bona’n i Stugun. Ut-i Kleva ha han naagaa meire Innbu ’taa ymse Slag; i ei stor maala Sle’a-Kjiste som sto der, ha han gjøymt de, han va varast um.

Stugo ha tri høvelege Glas framme og ein vælgjord Skaarstein, all upp va de ei tyle Døla-Stugu; Vinters-Ti’ naar de brann godt paa Varma, og han Jo sat ve Aarin og fortalde um Skjyttar-Ferdinn og Fjell-Live sitt, va de hogle inne hjaa ’om. Ti’e gjekk saa snøgt, at du visste ’kje kaar de vart ’taa henne og Skjyttar-Forteljingunn hans va ’kje ’taa døm, du kan bli kjei ’taa. Han skrytte alder hell loug ihop Stor-Varp og rare Hendingo, han fortalde endeframt forutta’ Krot paa Snakkje. Men han ha jemnast lite Gaamaa me og brukte mange gamle Ord-Lag, som høvde saa godt i Rø’un.

Han va go-ærog, han Jo Gjende, og difor skulde stødt Kjenninge, som saag inn hjaa ’om, ha lite væl-gjort og de han ha og bjo, saales, va ein Kopp Kaffe. Va han i Go-Lagje, saa vart han reint lett og gla, naar ei Kjennds-Menneskje kom inn hjaa ’om og da drygdest de ikje lengje førr Kaffe-Gryta kom paa. Han tordest ikje bruke Kje’l i siste Ti’om, de kunde vera Eir i ’om, sa han, „og den helvitis Kopar-Eir’n er gjiftog som berre Satan – eg ha lese i Bla’om, at Folk ha misst Live paa den Maatin,“ sa han.

De va ein skrinn og turr Kost han livde paa Aare rondt, Ein kan mest seja, at han sleit illt. Te aa koke og mat-stelle se dugde han ikje og saa vanta de ’om Framferd te aa raa’ se te Mat-Varo. No va han passog og sparsamd, men de va ikje for di, at han ikje tyktest ha Raa’e, han livde laakt, de va meire Hann-Lage og Framferde som vanta. Men elles va han Jo saa smaanøgd i Matvegje, at han ill-treivst ikje me Kosthalde sine, han aat for aa leva og livde ikje for aa eta. Og um han ha de turt og magert me Koste i Brurusten, saa ha han alder vilja bytt me Folk i Bygden, som kunde leva som i Julen imot honom.