Att-aat di, han Jo Gjende ’taa di meste Bygdafolkje va halde
for eit reint gud-loust Menneskje, va han helde baade for ein
Raring og eit Stor-Hugu og Orde gjekk, at han va saa be-lesin,
at han sto mest Ende upp me lærde Folk. Desse Meiningun um
Jo Gjende raaka no ikje heilt upp de rette, nogor ’taa døm,
naar ein lærde aa kjenne han fullt ut.
Nettup eit Stor-Hugu me overlag store Gaavo va han ikje; de va de go’e Minne hans, som va den største ’taa Evnom han aatte. Men han Jo ha eit godt Vet og klaare og greie Tanke for se; paa summe Lei’e va han djuptenktar hell di meste og de laag i ’om, at han gjekk og grubla paa Natur’n umkring se, baade den levande og den livlouse. Den endsa han væl paa, kaar han foor i Fjell og Finne, og naar han fekk sjaa hell høyre naagaa merkjele, saa tenkte han ivi de og grunda paa de te han trudde, han ha funne Grunn og Aarsak i di. Me mangt tok han imiss, men jemnast hjolpte de goe Vete og di greie Tankann ’om paa rett Veg.
De va rart aa høyre, um allt, han ha gjeve Ends paa og tenkt ivi. Saales skjøna han væl, kaales Isen, langt att-ende i di graae Gamelti’-Verd’n, ha liggji ivi heile Lannde og at de va den, som ha skura, gnagje og grave ut Dalann og um-skaapaa Fjell-Grunn. Og Merkje ette di Is-Ti’n ha han endsa saa væl paa, at han kunde fortelja um døm, kaar han ha fare i Fjell og Dale. De va gale, at ingen kom paa aa skrive upp sumt ’taa desse, for de kunde nok vore te Rettlei’ing for Granskingen. Um kaarles Vatne ha arbeidt igjønom ævelege Ti’e, øyrt og umskaapaa før de te-sist samla se i Elve og Æ’r, Vatn og Tjønne, ha han Jo tenkt og grunda mykjy paa og funne i mengdevis me Merkje ette. Fraa desse Granskingom sine um Vatne, ha han ein ’taa di sterkaste Motgrunnom for Aldere paa Verd’n, ette di, som staar i Bibele. „Ein trøng ikje aa gaa lenger hell upp-aat Steinbrun og sjaa paa, kaarles Sjoe ha arbeidt paa baae Sio i Bergje, for aa sjaa, at Verde er gamlare hell seks Tusen Aar,“ sa han. „Nei, de gjere ikje naagaa Hondrede-Tusen hell seks Hondrede Tusen, hell! – Seks Tusen – de er reint Baansnakk!“ At Skog-Voksten langt atti Ti’om ha rokkje mykjy høgre upp hell no, ha han merkt se og de heldt han for kom se ’taa di, at de