Eingong ha vore eit varmare Ver-Lag, hell no i di siste Manns-Aldrom. Kaar han foor ha han Ougo me se; fraa di Ti’n han laag ve Gjende, ha han funne ut, at Gjende flø’e og fell te sine Ti’e paa Jemdøgere og de ska ha synt se, at han ha Rett i di.
Natur’n va Bibel’n hans Jo Gjende, den granska han te alle Ti’e; og ette som han ha lært han aa kjenne, va han viss paa, at de ivi allt, baade di Smaae og di Store, va ein Styrar som heldt de Heile i si Hann saa ikje den mindste Ting av-laagaast. Og denne Styrar’n ha ikje berre Almagt og Visdom, men i heile di levande Nature va de ovandt aa sjaa, at han ha skjepa alle Ting ’taa Go’o og me Hjert’lag for alle Skapninge. Um denne store, vise og go’e Styrar’n taalaa han Jo Gjende me Vørdna og Aagaa og difor va de ikje sannt, at han va ein Gud-Løysing. De va Bibel’n og Kristendommen han ikje va go-te aa tru paa, fordi døm ikje svaaraa me Vet og Tankje. Og døm heldt no hann for aa vera „Over-Grensa“, som han sa; døm ha den store Styrar’n gjeve oss te Rettlei’ing gjønom Live og nugun a’an Bibel tyktes ikje han Jo aa haa Bruk for.
Han ha stor Hog te aa taalaa um „Rilion“ og han vart mutt, naar nugun bægde av og ikje vilde gje se me ’om i di. Aa begjynde aa seja imot ’om, hell aa freiste paa aa syne ’om, at Fornufte kanhende ikje rokk te, paa alle Kante i di Gudelege, nytta lite, og va de Ein, som møtte ’om me Bibel-Ord og vilde seja om Jo „Sanningje“, kunde han bli rasandes. Han ha faatt saa fast i se, at Kristendommen va paa-funne ’taa Prestom, at me di let han se ikje rugge, og Hate hans aat Prestom, „Gjes’lestann“ som han kalla døm, va saa stort, at han ha illt for aa finne de minste Godt hjaa døm. „Døm staar der og lyg men veit be’re, forbanna Magte!“ sa han. Og de va dette han alder kunde te-gjeva „Gjes’lestande“ for, at han va saa hogg-stø paa, at døm ikje sjølve trudde paa Bibel’n og de meste i Kristendomme. For sitt berre Liv kunde han ikje skjøne, at studera Folk endefram trudde paa den kristne „Rilion“. „Du er ein forr-lærd Kar, du, te aa tru paa slikt“, sa han Eingong ve Christoffer Bruun. Tvo Preste, som ha sport, at han Jo va ein saa fæl „Fritenkjar“ tok hardt ihop ve han og vilde umvende han; den eine tok de enda saa o-tenkt, at han bak-ette fortalde fraa Preikstole, um Møte