Side:Kleiven - I gamle Daagaa.djvu/213

Denne siden er ikke korrekturlest
– 201 –

skreiv, han, og de va ikje saa beint for honom. Men saa, Jaggu, er han grov te aa seja Hollbergen, ou!“ – sa han Jo – han va fæl te aa banne og den O-Vanin merkte han ikje sjøl, han hermde radt Hollberg og stødde onde me ei dugele Banning.

Stødt, naar de kom ein Kjenning i Huse hjaa ’om Jo, som han visste ha Liv for Lesna, kom han fram me inkor ’taa Bøkom sine. Jemnast va de Volney og da lout ein lesa høgt. Bokje va saa slitin, at ho va baade svart og fillot og der, han ha funne naagaa sers godt og merkjele, ha han lagt inn Merkje for aa sleppe ble’e og leite ette di, han vilde ha Tak i. „Les der!“ kunde han da seja og peikte paa Sta’n, „les der, ska du sjaa Volney fortel kaales den Kristne Rilion er kome upp, han, der fær du sjaa de, der! Kaldæerann saag de i Sjou’stjennom[1], døm, for de fyste – Volney veit de nok, han, som reiste gjønom di fire Verdens Delann og studera i alle di store Bibliotikom. Nei, de har ikje livt mange slike Menn paa Jord’n som Volney – og saa han Tomas Payne[2].“ Vart han Jo var, at ein ikje var vi’are lysta paa aa lesa i Volney, saa vart han tykkjin. „De er mange enno, som ikje rettele tør aa lesa i Bøkom mine – døm er redde Gjes’lestann, maa’ta. Aa ja, de er ikje saa greitt, hell; Prestann ha stor Magt enno og di Karann er nok bra redde, at Folke ska faa veta slikt, som staar i Bøkom mine – – –. Ho er ikje rettele go aa skjøne, alle Sta’ann, denna Bokje; de er mangt der, som ikje eg forstaar te Fullnais. Men de er slik Bok detta, at, Dj. søkkje meg ne, ha eg enno raaka Maakan ve ho!“

Utu Hollbergs Komelie va han hoga te Ein skulde lesa høgt. „Les du, som ser væl,“ sa han, „ho er saa forbanna fin’stila denna Bokje og eg har laake Glasougo, saa de gaar saa seint me meg.“ Best ein las, og raaka eit Stelle, han Jo tykte overlag væl um, maatte ein hevle, mea’ han Jo fekk ut-ty’e rette Meiningje i di. For han ha funne ut, at Hollbergen stødt ha liggjande ei djupare Meining onde mest allt baade i Komeliom og i Peder Paars, og i di mest endeframme Samtalom i Komeliom

  1. Sjoustjennom: „Syvstjernen“.
  2. Thomas Payne (f. i Engelann 1737, d. i Ny-York 1809, Bokskrivar; de mest kjende Verke ette ’om er: „Menneskje-Rettan“.