Side:Kleiven - I gamle Daagaa.djvu/215

Denne siden er ikke korrekturlest
– 203 –

tykte Bonn’live vart avlaagaa i Otrøngs-Maal paa mange Vis. At de vart be’re Skule saa Ongdommen fekk lære meir, og at de kom Bøk og Bla’ ut-ivi Bygdinn, tykte han va glupe Ting. Allt som ouka Kunnskap og Upplysna hjaa Bonn’folkje va han gla ’taa og Høgskulin hans Christoffer Bruun paa Romongard likte han overlag. Han kjennde Bruun og va ein Gong burt-paa Romongard i Gjest hjaa ’om; han heldt stødt Bruun for ein ’taa vore beste Menn. „De kjøm mykjy Upplysna millom Folkje no,“ sa han, „og de er glupe Skule no, mot da eg voks upp. Kunnskapen veks og Fordommen minka ette Hann. Preste og Embetsmenn fær ikje de Ivi-Take, døm ha i gamle Daagaa, meir. Berre denne Skul’bokje[1] gjere ikje lite ho, Bone fær veta mykjy ’taa henna, som oss alder fekk høyre eit Ord um, da eg gjekk i Skula. Den Ti’e va de berre ein og a’an som kom lenger, hell døm saavidt lærde Grov-A-ann[2] og elles va de berre aa tyggje paa di gamle Eventye og faa ’taa Lurkje attaat.“


Te kaar Saamaar va de inne Byfolk hjaa ’om Jo i Brurusten, for døm ha stødt Hog te aa sjaa og taalaa ve den namn-sporde Fjell-mann og „Skytterkonge“. Og vituge Byfolk som skjøna se naagaa paa Bonn’folk og Bonn’-Vis ha han alder imot, um døm saag inn aat ’om. Men kom de ’taa di rette Heim-Fø’ingom som sporde og grov fortare, hell han Jo greidde aa svaaraa, jemnan ette Ting, som ikje va ein Vass-Drykk verd, saa kom han i Olag og va still og faa-mælt. Han umgjekk ikje saa faae Byfolk og de va mange ’taa døm han tykte va glupe Menneskjo, som han lærde mykjy ’taa aa vera i Lag me. Millom døm han saales ha lært aa kjenne og som han stødt bar Vørdna og Govilje for, va Borgermester C. Fougstad, Oberst Wergeland, Professor L. M. B. Aubert og Forstmester Barth. Barth va han mykjy te-samen me og di tvo va heilt Go-Venne. Elles va de mange fleire hell desse, han Jo ha Kjendskap og Venskap me.

  1. Skul’bokje: Jensens Læsebokje.
  2. Grov-A-ann: Stor-Bogstavann.