Side:Kleiven - I gamle Daagaa.djvu/218

Denne siden er ikke korrekturlest
– 206 –

skout i-kapp. I 1860 vart de gjort eit Skjyttar-Lag i Vaagaa og Blackwell ga se ikje, før han Jo lout kaamaa paa Primiskjotingje. Han tok fyste Primi’n, ei fin Kongsberg-Rifle og att-paa bar døm han Jo paa Gull-Stol og ropte Hurra for ’om.

Desse Aare, mea’ Blackwell livde, va visst den beste Ti’e han Jo ha; Sam-Verunn me honom va de glupaste han visste. For Blackwell kunde likesom taakaa han me se Verde rondt, fortelja ’om um allt, som va uppfunne og allt, som di Lærde ha granska ut. For ’om Jo va detta, som naar Skodda letta ivi Viddom og ein fær sjaa Tindann att mot di blaae Himile og ette ei slik Sam-Vero me Blackwell, heldt Tong-Møle se burte, lange Ævunn.


Døm, som kjennde han Jo Gjende, gløymde ikje aa sjaa paa Riflunn hans, naar døm va framme i Brurusten. Riflunn va no de forr-meste ’taa allt, lell, enno forr-meir hell baade Hollberg og Volney. Døm va fem paa Tal, alle paa Østerdøls-Gjerd, og tvæ va „Staal-Pipo“ han Jo sjøl ha faatt gjort. Desse tvæ va no di gjildaste, maa’ta; den eine va grovt lang og tong, den andre va naagaa mindre men baae va ette di gamle Ti’n overlag gjilde og lugume Reins-Riflo. Da han fekk di tvæ Riflunn ferdoge, va han saa langt ut-i Aare, at de ha minka ’taa me Reins-Vei’ingen og difor kom han ikje te bruke døm rett mykjy i Fjelle. Men han sa stødt, at tvæ slike Reins-Riflo fannst de ikje fleire ’taa i Norig. Paa di største va de eit framifraa vakkert grave Laas ette om Per Langrusten. „Ja der, er de Børse, som vøre verd te kaamaa te-fjells me, der“ sa han Jo um ho. „Ha eg havt denna, den Ti’e eg gjekk som mest ette Reine, saa skulde eg spaaraa meg for mykjy Stræv, du slepp ondrast paa, um ho ber fram um Halde bli langt, denna. Og ikje gjevst ho stort, um du legg i ho tvoug Dyrmot[1]. Men eg kjøm ikje te, aa bruke Riflunn mine paa Rein meir, eg, no; eg skulde nok skjote han enno, ou, men de bli snart ingen Rein aa finne i Fjellom. De

  1. Dyrmot: Krut-Mot (Maat), Krut-Maal, som tok høvele Krut te aa skjote paa saa langt Maal, som døm jemnast lout i Fjelle.