Side:Kleiven - I gamle Daagaa.djvu/220

Denne siden er ikke korrekturlest
– 208 –

han de ’taa og kasta de langt ut-paa Gjende. „Nei, de er Fan sjøl te Laas!“ sa han. „Og ikje er de nogor Rifle som dreg, hell, me Knall-Laas, de veit eg, de! Døm fekk sjaa de, da døm sette slikt Laas paa Hollbø’s-Børsa: ho drog saa reint burti Veggjinn, at døm lout rive de ’taa og ha paa ho de gamle Laase att. Nei, di Laase tenda Krute saa tverrt, ser du, at Jaggu er de mest som Skote skulde sprette utu Børspipun! Og fær de ikje sleppe ut ein liten Donst[1] um Fengjehole, saales som paa Flintlaasom, saa gaar ikje Kula stø’ogt.“

Ette han Jo va kome fram-um de fjorde Tjuge, heldt han enda paa aa lesa Hollberg og da va de „Moralske Tanker“ han sette fremst, va de høyrandes te. „Slik Bok som „Moralske Tanker“ bli de alder skrivi meir, saa lengje Verde staar,“ sa han. „Og, Neiggu ha ingen enno gaatt fram-um han i Komeliom, hell! Blackwell vilde ha de saa, han, trast han kom her, at Fransmann Moreel[2] gjekk over alle; men da han kom te aa lesa Hollberg vart de Ende paa di Tru’n – han sa de Blackwell ou, sia, at ingen gjekk over Hollberg. – De er mange, maa’ta, som kan ha skrivi godt um enkelte Ting, baade førr i Ti’n og no; – denne Fjørtoft va ikje saa grei han, eg las eit Stykkjy ette honom i eit gomolt Bla’ Ein-Dagen og de va godt skrivi paa-kar, de, han va reint ein Jelt[3] denna Fjørtoft! – Men de er ikje Raa for nugun aa naa Hollbergje, for han skreiv um alle Ting, han. Han er no de største Hugue, som Nord-Lande ha bore!“

Enno heldt han paa og skout te-maals ette han ha naatt desse Aldre og kunde setja Kule i Kule i Bleke, naar ikje Maale va forrlangt.

Frama’-for ha de vore gjete paa, at han Jo va ein framifraa magtog Kar, men de henda nok mest alder, at han va fram-i Slagsmaal hell Ovenskap. Ein Gong kom han uppi ei kvass Kule paa Heringsta, ette som han fortalde sjøl, me eit styggt Rev-Beist heitte Slaain, Son hans Gamel-Per Slaa’n – sjaa S. 135. – Slaain va ei Merr te Kar og ei stor Ovørde som alle va redde

  1. Donst: lite „Tryk“; Donst er ou bruka me saamaa Meiningen som „Dunst“.
  2. Moreel: Molière.
  3. Jelt: ein Kult, Ov-Kar, kanhende de svenske „Hjelt“.