Side:Kleiven - I gamle Daagaa.djvu/229

Denne siden er ikke korrekturlest
– 217 –

Brisken og somna me di saamaa. Da han Gullbran saag detta, gjekk han ut og reiv et stort Fanga me Kjeringkjørr han la inn-paa Skaarstein, tenda væl i Kjørre, gjekk saa ut, stengde Døre og kleiv uppaa Take, la ei Helle over Omn-Pipa. Me di sette han se paa ei Tuve og drygde saa lengje, som han paa nugun Vis tordest, før han opna Døre att. Og da han endele lette upp Døre, laag Gamel-Øyin hu’flat paa Oure og sette Naasan hardast inni ei litol Revo i Dørn. Igjønom den Revo fekk han saapass Ve’r, at han teva, men Bue va saa full me Røyk, at han volt ut. Slikt va de han Gullbran ha største Hogen te aa faaraa me i sine onge Daagaa; somt kunde vera morosamt ou, men mangt va baade saa o-vørde og o-dyrsle, at Moro vart burte.

Han Gullbran va ein nou-go liten Kar me ei Helse, som sto imot me kaa, de va. De einaste, som nagga ’om va de, at han va snøgg te aa bli snjo-blinn; de plaaga han styggt nogre Gongo. Ve Murimess-Ti’e laag han Gullbran og han Sta’e-Lars i Rustli’n ette Reine og ein Dag gjekk han Gullbran att-i Veodal’n, raakaa fram-i ein Reins-Hop og skout eit Dyr. Men førr han kunde taakaa te aa flaa, bar han te aa bli snjoblinn og de va um Live aa trevle, at han sist va go-te finne inn-i Bergenuss-Bue i Veo-dale. Um Dagen ette tok han Sta’e-Lars Skji-Kjolkjin deres og sette att-i Veodalen, han tenkte no, han kunde funne att han Gullbran dou, inkun Sta’n, maa’ta. Han fann Ferde[1] hans fann Rein han ha skote og rekte han[2] inn i Bergenuss-Bue. Da han Lars kom i Dørn, sat han Gullbran sette baae Føt’n uppi den høge Aarin og – greet. Ivi Fjelle fekk han Lars slæpa han me se paa den Gjerde, at hann gjekk firi og drog Kjolkjin me Reinsdyre og han Gullbran gjekk ette og sette Rifla si ne-paa Kjolkjin, for han saag ikje de alle’ minste.

Ette han va nere inn-aat di fjorde Tjuge, laag han og fiska ve Øyangen i Frons-Fjelle i mange Saamre. Ein Houst han slutta og skulde faaraa heim att, kom de stinn Skodde paa han, saa han bar te aa gaa villt. De va kome ein Skraa-Snjog og

  1. Ferde, ei Ferd, utt. Fæl m. tjukk l.: Slag, Spaar.
  2. rekte han: fyl’d Ferd’n hans.