Side:Kleiven - I gamle Daagaa.djvu/230

Denne siden er ikke korrekturlest
– 218 –

va graa-kaldt. Han gjekk og gjekk men kom att-paa sine eigne Slag att tri Gongo, saa han skjøna, at han berre gjekk i Ring. Sist raakaa han ei Maasaa-Bu og der gjekk han inn og vilde kvile ei Ti’ te han fekk sjaa, um Skodda letta. Han tok ’taa se Ronn-Trøya som ha vorte naagaa vaat ’taa Skodde og Sveitte, la se paa ein Brisk i Bu’n og balla Trøya umkring Hugue og somna. Da han vakna att um ei Ti’, ha Skodda letna saa han saag Lei’e, men Ronn-Trøya hans ha vorte saa stiv-tela mea’ han laag, at han fekk ho ikje paa se att, men lout gaa og bera ho onde Arme. Men han Gullbran fekk ikje Eingong Krim ’taa di, han.

Bolsta’n va gomol Ong-Kar, som han Jo Gjende, og paa mange Vis ein onderle Einstø’ing; men att-aat di va han ein Fleip og ein ordhittog Selle. Han va hendog og ein framifraa go Skji-Maakaar. I Lag me ’om Svein Bjønnsta byggde han ein Ulv-Gard paa Toulsta-Moom og her tok døm nogre Ulve og ei Goupe hell tvæ. Sia’ ha han Hal’t me ein Prukkerater som budde paa Vaagaa, og dreiv me aa drepa Ulv paa Utlegg[1]. Eingong ha han drepe tvo me Utleggje ei Natt og saa lesste han paa eit stort Lass me La’-Ve’[2], Prukkerater’n ha kjøpt, og tok me di tvo Ulvann me di saamaa. Han kom saa tile fram me Ve’a-Lasse, at Prukkerater’n va ikje uppe enda, men Fruga ba han Ola inn og gjorde ’om te-go’e me Kaffe og Bite-i. Ho ba han vente lite, saa kom nok Mann snart. „Ja, eg ha tvoug Dø’sfall aa melle, eg, naar han kjøm,“ sa han Ola. „Nei, men kjære dig, min Ole! – min Mand har ikke noget at gjøre med den Ting, det er Lensmanden og Presten det!“ sa Fruga og vart reint anna’s ve’. „Ja, de er vel saa de, kanskje, men dette er Tvo, som ha ete ihel se og saa er de nok berre Ulve ou, da, naar de gjell paa,“ svaaraa han Ola, og saa vart de no Moro, maa’ta ’taa di Mellingen.

Han Ola Bolsta slutta me Børsun mea’ han va aa kalle i beste Aarom og livde paa Føraa’ all sin Dag.

Han Kristafor Skaar va ein still-ferle Mann og lite te-munns imot di hine ’taa desse Karom. Han va nouande gløgg te aa

  1. Utlegg: Aate me Gjift i.
  2. La’-Ve’: Famn-Ve’.