Side:Kleiven - I gamle Daagaa.djvu/232

Denne siden er ikke korrekturlest
IV.
Bygda-Konstnare.
Han Edvard Storm.

Diktar’n fraa Vaagaa, han Edvard Storm, er fødd i Vaagaa-Prestgarde den 21 August 1749. Far hans, han Johan Storm, vart Sokneprest her 1745 og va Prest i 31 Aar te han do 1776. Han Johan Storm va Son’n aat ein vælstaa-andes Sme ve „Sagene“ i Kristian, heitte Mekkel Sme, Mekkel Kjelsen, som han skreiv se for. Sme’en va gjift me henne Elisabet Storm og ette henne tok Bone deres Namne Storm te Te-Namn. Han Johan Storm va den einaste ’taa Syn’om hans Mekkel Sme som studera og da han va ferdog me Prestlærun, vart han Hus-Kapplan uppi Lom hjaa Preste der, han Hans Frisak. Der vart han gjift me Syster aat Fru Frisak, heitte Magdalene Stub. I 1745 fekk Storm eit Soknekall paa Sjælland i Dannemark og skulde fløtja dit, men han gruvde se for di lange og dyre Ferd’n me Kjering og Bon og Raa’e va nok ikje større, hell ho jamnast va, for ein Hus-Kapplan. Presten paa Vaagaa den Ti’e heitte Herman Treschow; han vilde gjenne ha eit lettvintar og rolegare Kall, hell de store Vaagaa me di lange, tonge Ri’-Vegjom aat di tvæ Anneksom, og difor bou han ’om Johan Storm aa byte Kall ve se. Og de Te-Baa’e tok Storm ve me Gle’e, Vaagaa va eit godt Kall og han aatte baade Arbei’shog og Mo’, saa han gruva ikje for Arbei’e. Døm fullgjorde Byte og fekk de go-kjennt ’taa Kongen.