Side:Kleiven - I gamle Daagaa.djvu/234

Denne siden er ikke korrekturlest
– 222 –

lese eitt Aar i Kjøpenhamn, kom han heim att, kaarles de no ha se, helst va de full saa, at han forr-las se, for han va no ein liten, veikgjord Kar all si Ti’ me ei kløye Helse. Han vart verande heime i 3 Aar saaner, som han belom-te va Huslærar hjaa Preste paa Lesja.

I desse tri Aarom han va fraa Lesna’e og Studeringom, livde han Edvard se saales ihop me Bonn’live og Bygda-Vise, at de visst ska faa leitast ette nugun Konsenert, som naar ’om paa den Hande. Baade Maale og Tankann aat Bygdafolkje eigna han aat se heilt upp og livde se saales inn-i døm, at døm vart som naagaa ’taa ’om sjøl – han skjøna Bonn’live inn i di innaste Tægen og attaat heldt han ’taa di me fullt Hjerta. De glett ikje, at di kjæraste Dromann aat di onge Studentere va um, aa bli ein Vaagaa-Bonde all upp.

Ette som ein kan sjaa, va de mesta’ millom Smaafolk han heldt se, di beste Vennann hans va nogre Jemn-Aldringe uppi Skogbygden og Samlive me døm og me Tenarom og Arbei’sfolkje heime paa Garde, va de forr-meste han visste ’taa. Han livde saa heilhoga me i desse friske, frie og endeframme Live, at de va tett-ve han gløymde baade Græsk og Latin og ingen kom ihog, at de va baade ein Prest-Son og eit Prest-Emne døm va i Lag me.

De laag Diktar-Gaavo i ’om Edvard og me Diktar-Ougo og Diktar-Øyro saag og høyrde han paa Bonn-live umkring se; for honom var de, allt me se, som eit vakkert Dikt antell de va „naar Plog og Horv lyt laagaas te“, naar Sæter-Ferde va i Gjerdom, naar Bufaar-Dagen kom, hell de va ei Ferd-Reise som skulde gjerast. Me hans Hog-Lynne og i hans Aar, er de helst Sol-Sia ’taa Live ein held se aat og difor va Bonn’live for honom te ein lang og tyle Solskjens-Dag. Fraa Sol-Siun ’taa Live er døm tikji desse 9 Dølavisunn, han Edvard Storm ha dikta, og døm er vorte te desse Aare, han laag heime, helst i 1768 og 69. Nogre ’taa desse Visom er saa levandes friske og har ein saa egte heimle Daam ve se, at døm alder vil eldast burt, saa lengje Vaagaamaale livi paa Tongun.

De va gjete paa, at desse Visunn er tikji i Sol-Siun ’taa Bonn’live, men difor ber de ikje te, aa skulde Storm for, at han