saag gronnt og loust paa Live umkring se og berre heldt se aat di ut-vendes[1]. Ein kan berre høyre paa Visa um Alderdommen – ho er ikje høyrande te aa vera ette ein tjuge Aar gomol Studenter. Nettup den Maatin han ha brukt Vaagaa-Maale paa, kan ikje vera saa overlag alle Sta’ann; Maalbragde er ofte fælt brengd og me inkor o-egte Gjerde paa se. Men den fine Daamen fraa Dale og Li’n og Fjelle, han ha lagt inni døm, den friske Gusten fraa Live sjøl, er maakaa-lous. De er som aa høyre ei Søljufløyte ein Vaar-Maargaa, hell ei Munnhorpe ein Sondags-Efta i ei ’taa di store, rumme Bonn’-Stuguom paa Vaagaa. Og um de no finnst ein og a’an Snu, som ikje er heilt ægte og inkort Orde, som er laant fraa andre Maalføre, saa er dette Smaa-Ting som mest ikje er verd aa taakaa paa Namn. De va ikje saa reint endefram aa vera den fyste, som dikta paa Vaagaa-Maale og ikje haa nogor Mønster firi se, men lota skaapaa se den sjøl. Og de er største Vone te, at Storm er den fyste, reint avgjort er de ikje, for de heng imillom honom og ’om Knut Soksen i Heidale, for hann ha dikta ei Vise paa saamaa Versmaale som „Stusle Sondagskvellen“ og som lyt ha vorte te saamaa Leite. Um de kan le’ se gjera, aa koma ette dessa, er nok berre paa Vone. Kaarles no dette kan vera og ikje, lite og smaatt va de, han Edvard kunde ha firi se og difor va ikje Vandskann saa vetle for ’om. No budde han paa Lesja ou, tiom-te dette Leite, og de er ikje saa reint otenkjele, at Maale i Visom hans kan haa eitt og anna Merkje derfraa. Og saa er de ein Ting te, som lyt minnast: de einaste Stelle Dølavisunn no finnst fraa eldre Daagaa er i ei „Ordsamling af Hallager“ fraa 1801 og der er Visunn saa fulle me Missprent, at de er ein heil Houg me Ord, ein berre lyt gjeta paa Meiningje ’taa. Difor kan somt ’taa di, som ikje er heilt ægte, kaamaa se ’taa di, ou, attaat.
Kaar mykje desse Visunn vart kjennde og songje i Bygden me di saamaa, er de ingen, som veit naagaa um. De er mogele, at di beste Vennann hans fekk lære døm og at døm paa den Visen kom ut imillom Folk, men de kan godt vera, at døm lite og inkje va i-bruk i mesta 60 Aar, heilt te Prosten Krag kom aat Vaagaa i 1832. Han vekte Liv i døm att, saa døm vart songje i kaar ein Krok.
- ↑ di ut-vendes: Ut-Sia.