Side:Kleiven - I gamle Daagaa.djvu/238

Denne siden er ikke korrekturlest
– 226 –


Sjøl trudde han nok ikje, den Kvell’n, at de skulde bli mange Aare førr han saag att baade Vaagaa og Vennann sine, men Verde kom te aa laagaa se slik for ’om, at han alder fekk sjaa att meir korkje Bygde hell døm. I Fystningen fekk han de andsamt me Lesna’e, fælt smaatt va de for ’om og attaat va de berre saa ymse me Helsfare. Aare kom te aa gaa, men nugun Eksamen kom han ikje te aa taakaa. Me Utkommun laagaa de se bere, ette de lei’ paa Ti’e; han dreiv me aa skrive og fekk eit godt Ord paa se for Diktar. I 1778 fekk han ei Æreløn baade hjaa Konga og Kronprinse paa 200 Riksdale um Aare saa lengje han livde; de va for eit Dikt han skreiv um „Indfødsretten“ og dette Dikte sto de stort Ord ’taa, den Gongen. Me desse Løn og di, han tente aataat, livde han væl, for han va ein smaa-nøgd Kar, heile si Ti’; han fekk de enda te aa røkkje, saa han laagaa se ein tyleg Heim han hygde se mykjy ve. De eine Aare gjekk ette hine og da han Edvard Storm va kome ivi 30 Aars Alderen, sii han sjøl, at han er vorte ein „indgroet Kjøbenhavner“; han la nok reint av aa tenkje se aat Vaagaa meir. Helsa va ou jemnast saa av og te, at de va ikje radt aa vaage se paa den lange Ferde for ’om.

I mange Aar ha han Brev-Byte millom se og ’om Jakup Danielson; han Jakup vart Klukkar paa Vaagaa i 1776 og de va me go Hjolp ’taa om Edvard, at han fekk Ombue. Nogre Aar ette vart han Jakup gjift me ei Jente fraa ein ’taa Sambu-Gardom og kjøpte Gard’n um ei Ti’; han vart baade ein vælhaldin og ein vælvørd Mann i Bygden. Paa di fem Aarom imillom 1772 og 77 fekk han Jakup 13 Brev fraa ’om Edvard og desse Breve va de kjæraste, Sambus-Klukkar’n aatte. Da han laag paa sit Siste, ha han døm onde Hugu-Gjerd’n sine og ha døm ofte uppe og las i døm. Rette Breve er no vorte burte, men døm finnst prenta i „Personalhist. Tidsskr. af B. Moe, I. B.“ og de er Hogna aa sjaa, kaar stor Venskap de va imillom di tvo. I di seinaste ’taa døm er de ette vor Smak i meste Lage me go’e Raa’, lange Firi-Teljingo og hardle mykjy Skulmester-Bragd, men imillom, vissa i di fyste, bryt Minne fraa di kjære Heimbygden og Live der fram att og syne, at han lengje heldt se go Vagver og gledde se storle paa aa kaamaa der att. Han senda stødt Helsingo aat di gamle Vennom sine upp-i Skogbygden og i eit Brev fraa 1773 skriv han: „Hils