Men um ein ikje kan gjeva Bilæt’om hans nugun Ros, saa
staar de ikje te aa gjeva Krote hans nok Lovord, for der røkk han
langt fram-um alle baade ældre og yngre Treskjerare. Preikstol’n
og Utskurd’n paa Altartavlun i Heidale er reine Mestarverk og er
visst ou di beste Arbei’e hans ’taa alle, de ska vera vandt, um de
finnst nogor Lanns-Kjørkje i heile Norig me saa vakker Treskurd.
Fig. 16. Preikstol’n i Heidals-Kjørkjun.
Jakup Klukksta 1754. Teikning ’taa
Johan Koren.
Den, som ha endst paa Utskurd
og har Ouga for vakre Forme,
vil bli hannfulle taa aa sjaa,
kaa Klukksta’n kunde vaage se
te me og kaarles han ha orka
aa løyst di vandaste Knutann.
Han ha havt ein likesaa rik
og levandes Innbilnings-Evne
som han Sjaak-Ola, men saa
ha han attaat aatt eit saa
nouande gløgt og visst Ouga,
at du ikje ein einaste Gong
skal finne, at han ha let se
kjørt paa Av-Veg. Ikje ein
Krill hell ein Sløng, ikje ei
Ros hell eit Bla’ du kan peike
paa skulde vore burte hell
havt ein a’an Skapna. Kroten
hans er som han va levandes
og sjølvuksin.
De va Krill-Kroten han Jakup Klukksta’ likte best og den brukte han, kaar han kunde kaamaa te me di, um Rumme va alder saa trongt; all Krill-Skurd ette ’om er høgre hell aat nugun a’an ’taa di gamle Mestarom og best likte han se, naar han fekk skjera igjønom og leggje Skurd’n heilt lous, saales som paa Preikstole i Heidale. Da sløngje Krillan og Bla’e se saa nouande mjuke og fine, at de er stor Hogna aa sjaa, kaarles ei Mestar-Hann kan raame saa gløgt de, som nettup vil te, for aa faa de vakre fram.