Side:Kleiven - I gamle Daagaa.djvu/256

Denne siden er ikke korrekturlest
– 244 –

att og kom o-skadde te-manna. No gjekk døm aat Kjørra og tinga han te aa gjera Altartavle aat Kjørkjun; han skulde ha 65 Riksdale for Arbei’e. I Slutna’e paa Mars 1781 va Tavla ferdog og di saamaa Karann kom att og drog ho paa ein Skji-Kjolkje ivi Fjelle aat Valders. Men de va haardt Skaaraa-Føre i Fjelle, summe Sta’ann’ og de va ’kje greitt, aa faa Tavla oskadd fram, ousta’for Storskage fekk han Judas Iskariot ein Støyt, saa han skrangla lous og vart att-liggjande. Ein Reinsskjyttar hell Øykje-Leitar fann han att Saamaar’n ette, men da ha den roue Kjol’n hans vorte saa blakk, at de va gjete paa, aa maale han upp att. De vilde ikje Presten i Bygden, den folne Rou-Leten, sa han, va „en ægte Judasfarve“.

I Heidals-Kjørkjun ha Kjørrin skaare di 4 Evangelistann som staar paa Listen paa høgre Si’un aat Songhus-Dørn og i Kjørkjun er de nogre Tavlo, han ha maala og skaare ut Ramo aat; i Kvikne-Kjørkjun er de ou ei Tavle ette ’om.

Kjørrin er den ’taa Treskjerarom paa Vaagaa, som ha vaaga se lengst, me di han er den einaste, som ha tikji paa se aa gjera Kjørkje-Innrei’ing; men nugun stor Konstnar-Evne aatte han ikje, han ha korkje den rike Innbilnings-Evnin hell de gløgge Ouga aat di gamle Mestarom fraa Sjaak. Summe mindre Ting kunde han faa te vakre, men naar han skulde skjera naagaa stort, vilde Krillann hans bli stive og tonge og Skapna’n tung-gjord og lite andsynle. De ser mest ut te, at han ha „stole Konste“ saa han ha brote se fram forutta aa eige di rette Konstnar-Evnann. Bilæte hans er enno verre Bytinge, hell di verste aat Klukksta’e; Tavlunn, han maala, syne hell ikje go’e Evne paa den Hande, men de finnst lell summe Te-Tak der, som er forrmeir hell Bilæt-Skurd’n hans og Letann, han brukte, kan vera friske og go’e.

Han Eistin Kjørrin ha vore eit godt Hugu; han dikta Salmo og de finnst døm, som er meir hell tome Rime. Tvo Sange paa Bygdamaal som ha gaatt i Bygden te i vore Daagaa ha Folk sagt, er ette Kjørn, og er de saa, er hann, Soksin og han Edvard Storm di fyste, som dikta paa Vaagaa-Maale. Kjørrin er avfulle paa Lag 1805.