Side:Kleiven - I gamle Daagaa.djvu/264

Denne siden er ikke korrekturlest


Han Ola Rasmusson Hole

fødd paa Holø i Sjaak paa Lag 1710 va namnspord Timbrar; han ha sett upp Sjaak-Kjørkja 1745. Han tok paa se aa hogge og fløyte Timbre og setja Kjørkja i full Stann, Snikker-Arbei’e leigde han burt aat Klukksta’e og ’om Sylfest Skrinde og Sme-Arbei’e aat ’om Kristen Rolvsson Øygarde fraa Sjaak. Holin va saa utu Maata før, at han hogde tvæ Lafte mea’ ein a’an fullgo Timbrar hogde ei.

Kjeringje hans va fraa søre Goupar i Bøverdale og Foreldre henna skulde ha bytt se aat Goupar fraa Sambu paa Vaagaa. Ho heitte Ragnhil og Kjennskapen me henna og ’om Ola Hol’ø skulde kaamaa se saales: ein Gong kom han Ola kjørande me ei Kløv fraa Neto-Sætrom[1] og da han kom paa Heimvegen saa langt som aat Goupar, kasta Øyken ’taa se Kløve. Detta saag ho Ragnhil og gjekk sta hjelpte ’om aa kløvja upp att og me di vart døm kjennde. Ho Ragnhil va ei framifraa Menneskje, glup Husmor og maakaalous hendog me all Vævna og Som. I Uppsta-Gogn vov ho di stoutaste Høgset-Aaklæ’e og ho va ein Mester te aa some Krota-Som ’taaæa alle Slag.

Holin va eit godt Hugu og ha ette Ti’n, som da va, goe Kunnskape; de va han som skreiv de meste ’taa di Jord-Brevom og anna slikt som skulde setjast paa Papir i Bygden i hans Daagaa.



Han Anders Slave.

Han va kalla „Slavin“ ’taa alle i Bygden for di Skull, at han sat paa Slavrie de meste ’taa Ti’n, han livde. Han va saa grov te aa stela, at han va i Straff den eine Venda ette di andre og sat i aar-vis, kaar Gong. Naar han ha lidt ut ei Straff og kom heim-i Bygde att, saa kunde de vaaraa baade tvoug og tri Aar, som ingen merkte, at han stal, da gjekk han antell i Arbei’

  1. Neto-Sætrinn ligg øvst i Bøverdals-Dalføre eit godt Stykkjy nea’for Høydals-Vatne.