Maargaan kom Kjeringje att og sporde Guten, kaarles han tykte um Jenta og saa la ho te de, at disom han vilde ha ho te Kjering, saa va de rettast han tok ho me se aat Bygden, trast. Og vilde han vera snill ve ho saa han alder sa eit illt Ord aat ’n, saa skulde han kaamaa te aa leva fælt væl me ’n og da skulde de ikje kaamaa te aa vante døm korkje paa Rikdom hell Visdom og Heppe skulde følgje døm og deres Avkjøme te niande Le. Jou, Guten gjorde, som kanskje fleire ha kome te aa gjort – han let Panke-Kløve liggje att og sette Jenta uppaa Hesten.
Trast, han kom te-bygda, sa han upp Teneste si og gjekk sta’ kjøpte se ein bra Gard som va te-fals, men kaa de va Austrem hell Svennsta hell Hollbø, ska eg ikje seja, ein Gard i Sjaardale va de, og Guten la reie Pening paa Borde me di saamaa. Og saa bar han te aa laagaa te Gestbo’s.
Kvell’n firi Gjestbo’e kom de ein Mann riandes te-gards aat Gute og han va saa gomol og stygg, at de va mykjy ’taa di og Naasaa ha han som hekk kav ne-paa Salknappen. Denna Mann vilde veta, kem Guten ha be’e te Gjestbo’s, for han va Far aat Brur’n, sa’n, og difor ha han tenkt aa vera me i Lagje. Jou, sa Guten, eg ha be’e mange og de er berre bra Folk allt ihop, og saa veit du eg har ikje sett att Stortambur’n og Mariason. „Ou, ou!“ sa den Framonde, „ska døm kaamaa her, saa lyt nok eg pakke meg, for di tvo semst eg ikje me. Stortambur’n slo av eine Laarbeine mitt me Trummstikkom sine ifjor og naar eg ser Mariasonn bli eg saa frosin, at eg stølna i kaar ein Lem. Men du ska no lell faa de, eg har etla deg i Baa’s-Gaave,“ sa’n, og saa tok han ein Sekk, han ha hengjande ivi Sal’n, og ba Guten kaamaa me eit Hal’tynn-Tre og de tømde han dyrande fullt me Sølvpening. Men døkk kan veta Guten va gla, da de stygge Trølle strouk sin Veg att.
Guten vart da gjift og livde baade godt og væl. Aat Kjeringen sine sa han alder eit leitt Ord og ho va baade vitug og snill og saag ut, som eit anna Menneskje. Ho ha sagte vore fødd ’taa Kriste-Folk saa Huldre ha faatt i ho, mea ho va litol. Inkort meir hell andre Kjeringo va de nok Von te, ho kunna, men de skulde ikje vera meir hell ein Gong ho synte de fram. Den Gongen skulde ho og Mann aat eit Gjestbo’ og Karann va