Side:Kleiven - I gamle Daagaa.djvu/273

Denne siden er ikke korrekturlest
– 261 –

Smie hans Per, men sia’ tok han te aa faaraa me eitt og anna smaatt i Smiun, ner han kunde sleppe te. De va ikje naagaa han ha slik Hog aat, som Smio; detta saag Hols-Mann, men han tenkte no ikje nettup, at de kunde bli naagaa meir hell ein vanle Klatter-Sme[1] ’taa ’om Per, paa Lag som Hols-Mann sjøl va.

Saa va de eitt Aar, da han Per va aa kalle for vaksin Kar vorte, han tok se forr me aa gjera ei Kjiste – han vilde haa naagaa aa gjøyme de vetle Tøte[2] sit i, maa’ta. Da han va ferdog me Tre-Verkje, bar han te aa gjera Smi[3] aat henne, baade Laas, Haanko og Gongjønn. Og han vilde ha ut-hoggje Hørn-Jønn[4] og Hengsle paa Laake me Koppspikar[5], saa de kunde bli naagaa Gjerd paa henne. Men de gjekk seint me dessa, for baade lout han faaraa me di paa Fri-Stondom sine og attaat lout han lære se sjøl, baade me eitt og hitt. Sist vart ho no ferdog Eingong og han Per kom og synte fram Arbei’e sitt. Da vart baade Hols-Mann og di andre, som saag de, forondra – Kjista va saa vælgjord og lugum all me se, at ho kunde ikje be’re vera og Smie va saa maakaa-loust vakkert og væl-falle, at døm tykte snoutt nokk, døm ha seett naagaa be’re. Slikt ha ingen venta se ’taa ’om Per.

Ette desse vart de ettehann Smiarbei’ han Per kom te aa drive me og i 1728 ga han se heilt paa Lous-Hann og foor i Gardom og smidde. De va ikje saa mange den Ti’e, som va Hannverks-Sme’e, kaar va sin eigjin Sme og difor lout de vera duglege Sme’e, som skulde drive de Arbei’e te Hannverk. Men ’om Per vart de ikje vantande Arbei’. Han budde i nogre Aar i ein Plass som kallast Skogann, men elles va han for di meste paa Bjølsta og i Prestgarde, paa di Stell’om rokk de te me Arbei’ ’taa alle Slag, Gards-Smi, Laas-Smi og Kjist-Smi. Men han Per trivdest ikje rettele me, aa faaraa i Gardom paa denne Gjerde og han bar te aa lengtast ette, aa faa se ein fast Heimsta og ei sjøl-eigandes Smiu, som han kunde ha Andaagaa[6] ivi, som han sjøl vilde. I desse Ti’om skulde de vera mange Lous-Kare,

  1. Klatter-Sme: ein, som smia lite smaatt te eigje Bruk.
  2. Tøte, Tøt: Smaating.
  3. Smi: her: „Beslag“.
  4. Hørn-Jønn: Jønne paa Hørnom.
  5. Koppspikar: Spikar me ronde, kuvne Hugu.
  6. Andaagaa: Magt, Raa’; ha Andaagaa ivi: aa raa’ for.