Side:Kleiven - I gamle Daagaa.djvu/274

Denne siden er ikke korrekturlest
– 262 –

som fløtte nord-paa Loms-Maarkjinn og rødde og byggde aat se der, og de kom de Orde hit-i Bygde, at de va slik Fellna[1] paa di, der-nord, for den, som ha tvæ Henn tome[2]. Og saa heldt han Per paa og skulde fløtt aat Loms-Maarkom. Men da la døm se i[3] me ’om baade Bjølsta’n og Prestgards-Mann og fekk av-øydt Fløttingje og Prestgards-Mann bou ’om ein gjill Heim onde Prestgarde, um han Per vilde haa den. Mann tykte nok, de vilde vera Sakna ette ein slik Sme for Bygden. Men dette Te-Baae tok ikje han Per ve, likevæl; han saag nok ikje fyst og framst paa Jordvegen; de, som galdt mest for honom va, at Stelle laag lugumt te for Skogfang te Kol-Ved. Og, da han fekk Lov te aa rødja se ein Heimsta kaar han vilde sjøl, antell han vilde paa Bjølsta-Grunn hell Prestgards-Grunn, saa valde han se ut ein Flekk i Baksiun burta’ Sjoe. De va ei Rust der burt-i Skogje, som kallast Langruste, den tykte han Per godt um og der ga Bjølsta og Prestgard’n se ihop um aa timbre upp Stugu aat ’om. Smio sette han upp saamaa Aare og de vante ikje Hus-Vyrkje der, den Ti’e – de va tjukke Furuskogen ronnt um og de sto ikje mindre hell nie gjilde Furu paa Stugu-Toften i Langrusten. Smiu-Stabbin hans va eit stort A-Beist[4] og den va vukse paa Rote, der han sto. De va i 1731 han Per tok te aa byggje og rødja i Langrusten og no gjekk de ikje mange Aare, før han gjifta se. Fyrstondes va de full smaatt baade me Hus og Avling og hell-ikje va de meir ’taa Smiu-Ambo og Verkty, hell de væl trongdest. Naagaa ’taa di fyste han gjorde se va eit Skruv-Ste som enno finnst og er godt bergele, men de syne nok paa di, at de er i Snøggun gjort.

For de Fyste va de Laas han gjorde mest ’taa, Staburs-Laas, Døra-Laas og Slea-Kjist[5]-Laas; alle, som skulde ha gjort eit baade godt og rettele fingjort Laas, lout faa han Per Langrusten te me di. Han ha allt faatt Ord paa se ivi heile Bygde for,

  1. Fellna: godt Høve; fall se lugumt.
  2. tvæ Henn tome: som ha berre tvæ tome Henn aa leggje iveg me.
  3. la døm se i: la se fram-i.
  4. A-Beist (Avbeist): orimele stor.
  5. Slea-Kjiste, kallast di Kjistunn, som va saa store, at døm fyllte Lang-Sleann; kaar ’taa Døtt’om paa ein Gard fekk jemnast ei Slea-Kjiste me se fraa heime.