Side:Kleiven - I gamle Daagaa.djvu/278

Denne siden er ikke korrekturlest
– 266 –

se lugumt Jønn ha han ou, den Karen, som budde saa nere Grønset.

Aa faa se Jønn, de han trongde, va ikje Spøk de, for ’om Per Langrusten, maa’ta. De Bele, han begjynda me Smi-ingen, dreiv Folk enno me aa blaase Jønn ’taa Myrmalm og de va mykjy te sterke og seige Jønn og godt aa arbei’e. Men de va mest Oraa’ aa faa blaase saa stort Jønn me di Ambo’n døm brukte, at de va ført nokk te Skruv-Ste’ og slike store Ting. Myr-Jønne va berre i smaa-vorne Klompe, som store Neva-Fyllinge og væl de. Naar de trongdest stort og grovt Jønn, va de aa kjøpe de paa Grønset-Markna’e som va helde kaart Aar fyste Ty’sda’n i Marts. Men no gjekk de mange Aar førr han Per fekk Raa’ te, aa kjøpe de Jønne, han trongde i Aare, paa einn Gong og saa lout han, allt som jemnan, burt-aat Slombekkje og blaase Myrjønn. Han Per va no elles ein ’taa di siste, som bles Jønn her i Bygden. Men um ein Sme den Ti’e ha Raa’ te aa kjøpe se Jønn, de, han trongde, saa va de likevæl tongvinnt aa vera Sme imot de er no. For no er de berre aa velja se ut den Grøvde og Skapna’n ein vil haa, tjukkt hell tunnt, breidt hell smalt, rondt hell firkantot. Saa va de ikje den Ti’e, de va Stongjønn paa tvo hell 3 Grøvde[1] og Storleikje og saa fekk Sme’n og Sleggja sia’ rekje og tøie og tynne, ette som de trongdest. Og naagaa slikt, som Jønn-Plaato va de ikje aa faa; ein kan tenkje se allt Arbei’e paa ein slik Ting som Kjørkjeknappen – Taarnknappen – paa Heidals-Kjørkjun. Han ruve ikje mykjy men han tek godt 1 Skjeppe Kønn og er hamra ut ’taa tvo store Jønnklompe.

Allt te han va ein gomol Mann, dreiv han Børs-Smie sitt; ei ’taa di finaste Haglom han gjorde, arbeidde han ette han va mange og Hal’fjers. De va ein ong Gut paa Lalm, som ha tinga ho og da han va paa Heimvegje me henne, datt han i-koll i eit Myrhol, saa de skvatt Lort paa den fine Hagla hans og de greet han for. Paa Slutten sat han Per ein vælberga Mann i Langrusten. Han dø tri Aar firi Offsa 82 Aar gomol.

2. Han Ellan Langrusten, eldste Son hans Per, tok

  1. Grøvd: Tjutkt, Førleik; „Dimension“.