Side:Kleiven - I gamle Daagaa.djvu/280

Denne siden er ikke korrekturlest
– 268 –

Stugu-Klukko, som kom hit i Bygde og fraa Toten kom de ou inkor. Men paa Vaagaa va de ingen Klukkmaakaar enno og dette va de, han Ellan Li’n gjekk og tenkte paa, de Hannverke kjennde han største Hogen aat. For de Fyste kom han ikje lenger me di, hell aa lære se te aa renske og veele Stugu-Klukko, som slo se range og slutta gaa. Men saa fekk han høyre, at de va ein Klukkmaakaar i Faaberg, som ha vore ivegen og lært Konste i By’n og saa strouk han sta’ og ga se i Lære hjaa honom eit Fjordongs-Aar, hell saa paa Lag. Me di tykte han, de va ikje meir aa lære der og saa ga han se me Fe-Karom paa Vaagaa, Housten ette, og vilde gjera ei Byreise for aa faa sjaa Amboe aat Klukkmaakaarom der og kaarles døm bar se aat, me aa veele um Lumm-Klukko. Aa gje se i Lære hjaa ein Bymestar, va ikje Meiningje hans og difor gjekk han fraa di eine og aat di andre; for at døm ikje skulde kaamaa ette me, kaa han gjekk ette, gjorde han se baade rar og jaappot. Summe gjorde Narr ’taa dessa Døla-Kope og tess meir døm gjorde ’taa di, tess be’re likte han Ellan se, for da fekk han gje se go Ti’ og fekk sjaa mest. Han budde uppaa Lykkjom hjaa Fe-Karom og da de va lite um me Pening for ’om, veelte han um Lumm-Ure baade deres og aat andre, som han raakaa um Daagaane. „Eg ha Ver’sta’n paa ei flat Helle oppaa Hyrekusk-Lykkjun“, sa han, naar han taalaa um Byferde si.

Da han kom att fraa By’n gjorde han se Del-Skjive[1], ein liten Svarve-Stol og den andre Amboe, han tyktes vera nødd te aa haa og me di Lærdomme, han no ha faatt, bar han te aa arbei’e Stugu-Klukko, Ott’daagaas-Verk og andre, Slag-Klukko og Klukko som berre viste Timann. Og de va no Tankjin hans, at Klukk-Arbei’e skulde bli de vissaste her-ette; men han kom no te, aa gjera Byte paa me Klukk-Arbei’, Laas-Smi og Gards-Smi, ra’e og stødt. Best han arbeidde paa Sprengen me eit Ott’daagaas-Slagverk, lout han burti ein Gard i Bygden og gjera eit Skruv-Ste’ hell eit stort Omn-Jønn me Vinndskjerding. Hell de vart tinga eit stort Staburs-Laas aat ein ’taa likaste Mennom

  1. Del-Skjive: ei ronn Skjive som Klukkmaakaarann skjer Hjule ette og som lyt vera gløgt gjord og visst avmerkt.