Lell arbeidde han ikje saa langt fraa eitt Hal’t-Hondrede
Stugu-Klukko, allt ihop; di meste vart verande i Bygden og
mange ’taa døm gaar godt enno, enda summe ’taa døm no ber
te aa bli over Trissenstjuge Aar. Klukkun hans va gjæve um
døm no ikje i nugun Sta’ rokk Ølsta-Klukkom. De va no
elles Ølsta’n, som han ha tikji te Mønster og di Song-Klukkunn
hans ga ikje ’om Ellan Fre’, førr han ha freista aa gjort ei Maakan.
Ette han ha vorte ein aldrog Mann, sette han paa me
ei Ott’daagaas-Slagklukke me Songverk. Gongverke og Slagverke
gjorde han saa godt og vælgjort, at de va mykjy ’taa di, men
da han skulde te me Songverkje, slo de se baade vindt og skjeivt
for ’om paa mange Vis. Ølsta’n leet paa Fela og skjøna se paa
Læte og Tone og ette Felun sine kunde han stille den rette Ljo’n[1]
i di smaae Metal-Skaalom i Song-Klukkom sine. Men de kunna
ikje han Ellan og lell vilde han gaa fram-um Ølsta’n her, tenkte
han; i Sta’n for Metal-Skaale og Hamre, vilde han gjera ein
Songdaase – de skulde bli anna te Læte, maa’ta. Saa arbeidde
han ein heil Vinter me aa gjera Songdaase; Fjørinn og Gongverke
va ’om ingen Ting aa gjera, men da han skulde te aa
tagge Bommen[2], drog de gale. Han gjorde den eine ette di andre
og førr han ga se, ha han gjort mesta’ eit heilt Tjuge – men
Læte vart berre vellt og vilde ikje svaaraa[3], da lout han gje se.
De leitte ’om dette, at han ha tikji se Vatn ivi Hugue me desse
og summe Tie, mea’ han arbeidde me di, heldt de paa og vilde
reint forr-vinne han; best han stræva me aa setja Bommen hell
stille Fjørinn, kasta han fraa se allt, gjekk sta la se og balla
Skjinnfell’n att-ivi Hugue. Da han endele saag, at han maatte
gje se, kjøpte han ein Songdaase og sette inn-i Klukka si, men de
vart ikje større ve de og ikje vilde de staa me Lag, difor tok han
heile Songverke ut att.
Laas-Sme va han Ellan Li’n saa go, at han lyt kallast ein Mestar og de va nok de Arbei’e, han skulde halde ve me. Paa Hengje-Laasom fann han upp ei ny Gjerd paa Kolve, saa de er Oraa’ aa stappe døm upp, og i andre Maate va døm ou saa