Side:Kleiven - I gamle Daagaa.djvu/285

Denne siden er ikke korrekturlest
– 273 –

han paa aa faa Hogg for Kjefften sin, men saag han, at de spøkte for di, saa vart han hjertele redd, for de fannst ikje Mo’ skapt i ’om. „Ja naar døkk tek te saales, saa vil no eg gaa, eg,“ sa’n og bar te aa graate; men disom de ikje va saa ende-fram, som saa, aa sleppe lous for ’om, vart de reint gale. „Nei døkk veit no full meir, hell døkk vørd[1] meg, ein slik liten veik Kar, som eg er!“ sa han og greet som ein Ongje. Trast han fekk naagaa i Toppen, va han saa snøgg te aa graate, naar naagaa gjekk ’om imot. Heime i Huse va han ou rang og grinot naar Drykkje-Ri’inn va paa ’om; da gjekk han i Hoso-Leistom og saag pjuskjin og slitin ut. Eingong han gjekk va rang og drukkjin heime i Li’n, faataa han eit Lum-Ur som hekk i Glas-Karme: „Urmaakaar Ellan Li’n!“ sa han og smella Klukka i Golve saa Inngangen foor ivi all Stugu. Me di saamaa tro han eitt ’taa di smaae Hjulom inn-i Foten sin saa de gjorde styggt illt og no vart de baade Graat og Jamring paa Urmaakaar Ellan Li’n. Han Ellan og Maalar’n i Veggjem gjorde meir hell ei Brennvin-Kule og Ovini vart døm stødt, førr døm skjøldest. Eingong han Ellan ha faatt naagaa i Toppen, vilde han gaa aat Maalare me ei ny Tal-Skjive han Per skulde maale aat ’om; men um Eftan kom han inn hjaa Granna sine, greet og bar se, for da ha han ikje funne Vegen aat Veggjem, men gaatt og tulla i Skogje, heile Dagen. „De er krokote Veg fraa Voggun og te Graven! hø?“ sa han.

Han Ellan Li’n va ein liten grann-vuksin, turr-lagd[2] Mann, men de va god Avl i ’om naar han kom i Smio, da kunde han handsaamaa og andøve[3] Jønne, um de va baade tongt og stort. Heime i Li’n ha han Ver’sta’n sin i Stugu-Kleva og naar han sto ve Filbenken brukte han aa blistre[4], heile Ti’e. Imillom gjorde han ein Snufram-i Klevadøre for aa sjaa te me den vetle Kaffekjel’n, han ha staa-ande i Oskun heile Dagen. Saales, ve Huse, gjekk han stødt i Hoso-Leistom, naar han va i Arbei’ ou, og Hosunn sat i ein Skrukk ne-ve Oklunn. Va de eit Arbei’ han heldt paa me, som ga ’om Hugubrot, kunde han leggje de fraa se, best de va,

  1. vørd: endsa.
  2. turr-lagd: mager, skarp.
  3. andøve: styre.
  4. blistre: „plystre“.