Side:Kleiven - I gamle Daagaa.djvu/287

Denne siden er ikke korrekturlest
– 275 –

sitt. Sia’ foor han me kaa, som fallt, va de ikje anna forr, saa laag han her og der i Maarken og brende Kol. Han gjifta se ette han va mykjy te-aars og fekk ei Kjering, som va godt go-te se me Arbei’, saa ho va den vissaste te aa fø’e Hopen. Sist fekk døm ein liten, laak Heim ve Lalmsbrue, kallast Brustugo, og her sleit han Lars Ti’e si.

Han Lars Brustugun va ein gaamaa-full Kar som tok all Ting me Lennto um de mangein Gong saag myrkt ut for ’om. Ein Saamaar mea’ han laag ve Mela, ha han Kjeringje og Ongann buande paa ei Sæter uppi Bønesli’n. Da de lei’ paa Houst-Lei’e fallt de se saa, at Kjeringje skulde gjera Bar’seng ei Natt og ho ba han Lars gaa burt-i ei ’taa Sætrom ette ei Ner-Kono. „Nei – Bitter-De, um de gaar an aa kaamaa gjera Folk Oro midt paa svarte Natten; kan du ikje gjera væl aa drygje te Maargaans ?“ svaaraa han Lars, men gjekk no ivegen, lell, me di saamaa. Han saag oftast svart og fillot og oflidd ut, han Lars, og va nok like gla, ou, me se sjøl, paa den Hannde. Da han skulde vera Bru’gom tykte han nok, han fekk veele um Klæann sine aat di Høgti’n, og difor spytta han paa den svart-blanke Skjinn-Knebrokje si og klønte ho me Neglom ette Laarom, der, ho va verst. Han Lars dø i 1848 væl saa tri Tjuge paa Alder.

5. Han Eistin Li’n vart blinn i Kveis-Sotten[1] da han va sjoug Aar og difor kunde de ikje bli Sme ’taa honom; men hendt va han Eistin, i kaar ein Sta som di hine Brør’ne sine og han gjorde somt, ou, som ikje alle kann gjera ’om ette som har Syne si. For Arven sin i Li’n fekk han ei litol Føraa’ ’taa Garde og da han gjifta se, festa han se eit Plass-Emne onde Granngarde som han rødde og byggde og kalla Nystugo. Han sette upp ei gjill Stugu og høvlege andre Hus paa Plasse og Jordvegen fekk han saapass, at han fødde tvæ Kjy og nogre Smaa-Krytyr.

Difor um han Eistin va blinn, sat han ikje berre ve Omn og Ingenting gjorde; nei, han arbeidde stødt og ra’e. Um Saamaar’n brout han Aaker og sette upp Mur ’taa Steine, han

  1. Kveis-Sott („Gamel-Kveis-Sotte): „Kopper“.