Side:Kleiven - I gamle Daagaa.djvu/295

Denne siden er ikke korrekturlest
– 283 –
Rasmus Garmo, Valle-Karann og han Hans Stokkstad.

Veggjem’n vilde alder ha Drengje hjaa se te Upplærings, men da Kjeringje hans va kome fraa Lom, vart de saa, at han ein Gong tok i Lære ein ung Lomver ’taa Folkje henna. Han heitte Rasmus Garmo og vart ein gjild Maalar som va hulde for den beste baade paa Lom og Vaagaa ette Veggjem’n vart burte. Han Rasmus tok upp-att Ros-Maalingje hans Per, men me saa mykjy Avbrigde i Gjerd’n, at ein ikje rettele kan kalle de Ette-Herming. Han Rasmus heldt se mindre ette levandes Mønstre fraa Nature, hell han Per gjorde, og slepte se lousar og me di kan de full vera, at Rosinn hans ruve meir. Bilæte hans Per Veggjem me Hus og Folk fraa Kina, som han ha lagt Elske ve, tok ikje han Rasmus ette, men i den Sta’n maala han Hus og Kri’s-Folk, Konge og Droningo ette Tavlo fraa Nürnberg. Di Bilæte tykte Folk va ei gjill Pry’e paa Skaapdøre og heldt de for ei stor Konst. Men nugun stor Konstnar-Evne laag de ikje i ’om Rasmus Garmo; han va ein troust og glup Hannverkar som ikje va te Skam for Mestare sine. De va mange, som gjekk i Lære hjaa ’om og saales vart de han, som breidde vi’ast ut her i Bygdom, de Veggjem’n lærde ’taa Maaling paa Røyros.

Tvo Brør fraa Valle, Sjugurd og Ola, va framifraa go’e Maalare; han Sjugurd, den eldste, fødd 1824, gjekk i Lære hjaa ’om Rasmus Garmo og han Ola lærde ’taa Brore att. Desse tvo Vall’-Karann, som døm kallast, aatte meire Konst-Evne hell han Rasmus Garmo og kanhende meir hell Maalar’n sjøl. Han Sjugurd dreiv Maalingje som fast Hannverk og brukte summe Gongo di upp-høge, forgjyllte Bilæte ette Maalare. Baae heldt ve den myrke Bott-Maalingje og dreiv me Ros-Maaling; Bilæte deres va mesta utu Bibele og de finnst summe, som syne, at døm ha aatt go’e Evne. Ein Bror deres va go Snikker og Treskjerar; han arbeidde Skaap og Skattoll, troust og vælfalle Arbei’. Han va Mann paa Visdal, Far aat Billæthoggare, han Jo Visdal, og desse Vall’-Brørann va Dotter-Syni aat Sambu-Klukkare, han, som Edvard Storm hjolpte fram.