Side:Kleiven - I gamle Daagaa.djvu/298

Denne siden er ikke korrekturlest
– 286 –

sengjeliggjandest ’taa Svult og Sleet. Mor og Son fløtte aat di hine Syster’n; ho ha vorte gjift me ein Skjeps-Førar og der i Huse fekk han Hans de godt og han kom se att, vonoms snøggare. Da han vart full-frisk att, tykte nok More de va best, han Hans drygde me Sme-Lærun te han sterktna meir te og saa reiste døm att-ende aat Heimbygden. Dette va um Housten i 1814 og døm ha me se 1 Vog Mjøl ivi Sygnefjelle – de va lang Veg aa bera ei Mjøl-Vog, paa-lag 14 gamle Mil, og ein kan veta kaa de va te Ti’e millom Folk. No va han Hans i Heimbygden i 5 Aar og han va allt saa-pass Sme’, at han gjorde ende-frame Laas og mindre Smi ’taa naagaa ’taa kaart. Men de va ikje Meiningje hans, aa gje se me halvgjord Lære og i 1820 barst de ivi Sygnefjelle aat Bern att og More fyl’de me, for han Hans va ho ikje go-te slite Lag ve nogor Ti’. Da han denne Gongen kom aat Bern, fekk han stor Hog te aa faaraa te-sjøs og leta Sme-Læra vera, men baade Mor hans og Syst’n avtalde han me di, og fekk han te stige i hjaa Sme’e att. Og no gjekk de som ein Røyk for ’om, Mestar’n ha ou vorte eit anna Menneskje saa Drengjinn hans slapp baade Svult og stygg Kjefft. Ein og a’an Gong freista summe ’taa hine Drengjom aa ha forr se Døl’n for de tonge, klabbote Maale hans, men da han Eingong synte døm, at han kunde bera ein Skjeps-Ankar, døm vilde vaage for ’om, fekk døm Aagaa for Døle, og bou sia’ ikje te aa hengje paa ’om.

Da han va ferdog me Lærunn, raadde Mestar’n ’om te aa gjeva se inn paa ein mekanisk Ver’sta, for han saag, at de sat eit framifraa Arbei’s-Hugu paa ’om og at han ha eit Hann-Lag, de-skulde leitast ette Maakan ve. Og di Raa’n ha full han Hans kome te aa fyl’t ou, men Mor hans gjorde allt, ho va go-te, for aa av-øy’e. Ho heldt saa ’taa ’om, at ho kjennde ikje ei go Stonn førr ho fekk han me att-i Heimbygde og han ha hell-ikje Hjerta te, aa gjera henne imot. Saa gjorde døm siste Ferde si ivi Sygnefjelle; denne Gongen bar han Hans me se ei Ryggje-Børd me Skrap-Jønn som Mestar’n hans ga ’om og dette Jønne sou[1] han Hans ihop te ein stor Jønn-Klomp som er te enno, den

  1. sou, ’taa aa sjo’: sveise.