Side:Kleiven - I gamle Daagaa.djvu/300

Denne siden er ikke korrekturlest
– 288 –

saa va den kaldaste Vinterdag. Men trøtt kjennde han se alder, han ha ei Arbei’s-Helse, som va maakaalous, og kaa han kunde røkkje aa gjera paa stutt Ti’, naar de kniptest, saag reint otruande ut. Eingong gjorde han 3 Hestsko-Gange og 4 Som-Gange fraa um Maargaan te Kl. 3 um Eftan, Hestskoen smidde han ferdog paa 3 Heto[1]. Ein a’an Gong gjorde han ferdog 3 Ljaa og 1 Lauv-Jønn me Skaft og Holk, enda gjekk han ne-aat Bjølsta og slipte upp Ljaa’ne saamaa Dagen. No ha han Sleggje-Kar[2] me se, baae desse Gongann, men difor! Ve Sleggje-Kar’n sin gjorde han Eingong Vaagan’[3] um aa slaa 12 Sko-Spikar paa ei Heto, men han slog 14, for han vart var, at Sleggje-Kar’n for Moro Skuld tro’ 2 Spikar ne-i Smiju-Our’n. I allt anna Arbei’ va han ou framifraa ra’før og Slaatt-Kar va han ein ’taa di fyste. Daa Bjølsta slo døm ofte Mælings-Slaatt[4] i Ru’i og Øver-Jorde, men han Hans slo jemnast Mælingen sin te Nons.

Allt Smi-Arbei’ ette ’om Hans Leirflaten som han gjorde se forr me, sa fraa sjøl, at han va ein Mestar i Konsten; de ha si eigje Gjerd antell de er eit Laas, eit Skruv-Ste’, eit Døra-Smi’ hell eit Omn-Jønn me Vind-Skjerding. De er saa troust og væl-gjort me ei felle Gjerd som ofte likna paa de beste ’taa Maskjin-Arbei’om i seinaste Daag’om. De Laase, som er avskildra nea’for arbeidde han i 1833 te Port-Laas aat Garvar Ytteborg i Kristian; de va enda saa nøgje og konstogt gjort, at de kom Brev aat ’om Hans, at antell lout han kaamaa aat By’n og lære døm aa læse de, hell ou fekk han skrive og gje døm Rettlei’ing. Han senda eit Brev og sa fraa kaarles døm ha aa gjera de og sia’ høyrde han ikje meir um de; dette Laase er naagaa ’taa vakraste Smi-Arbei’e, som er gjort i Bygden. Te aa gje ein Ting ein vælfelle og andsynle[5] Skapna, ha han eit visst-saa gløgt Ouga, som han Ellan Li’n og der, de galdt um aa maksle Jønne heilt paa Hannverkar-Vis, gjekk han Hans langt fram-um, for de va nok paa mange Maate ein stor Firimon, aa ha vore i rett Sme-

  1. Ei Heto: saa lang Ri’, som Jønn-Stykkje held se varmt te aa smie ’taa ette de kjøm utu Avle.
  2. Sleggje-Kar: Sme’-Dreng.
  3. Vaagan’: Vaagar-Maal, „Væddemaal“.
  4. Mælings-Slaatt: Slaatt ette Maal: 1 Mæling: 9604 □ Alne.
  5. andsynle: som fell væl i Ougo, gjere se godt, tek se godt ut.