Side:Kleiven - I gamle Daagaa.djvu/302

Denne siden er ikke korrekturlest
– 290 –


di fyste som bar te aa grunne paa, um alle gamle Takste, Skjikke og Bruk me Gardsstell og Jordbruk, va fullt dugele paa all Vis. De ha han go Hog te, aa setja Prøve paa baade me eitt og anna og han saag snart, at de va mangt ’taa di Gamle, som ikje va full-godt. Og han va ikje redd aa brjote me ei gomol Takst, naar han ha vorte viss paa, at ho ikje dugde lenger. De vetle Jordbruke sit dreiv han ette sine Ti’, reint som ei Mønster og han va ein Kolv te aa finne paa lettvinnte Arbei’s-Maate og Ambo for Gardsdriften. Sume Ti’e tenkte han paa aa faatt se eit be’re Bruk hell Leirflate og ein Gong ha han i Tankom, aa reise aat Amerika. Men enda han vart ein vælstaa-ande Mann, som ha havt godt for aa kjøpt se eit anna Rum, vart han buande paa Leirflaten te han dø 85 Aar gomol i 1885.



Skroudøl’n.

Han va bylærd Snikker og sto Læra ut i Trondem imillom 1810 og 15; rette Namne hans va Eirik Skroudale og han va fødd og alin paa Dovre. Ette han va ferdog me Lærun, heldt han se i Uppdal ei Ti’ og der vart han gjift me ei Le’smannsdotter. Paa Lag 1825 fløtte han hit i Bygde og vart verande her te sin Døyan-Dag. Trast han va kome te-bygda og Folk fekk sjaa Arbei’e hans, fekk han Ord for, aa vera beste Snikker’n, som enda ha vore i Bygden, og de Orde loug nok hell-ikje i mange Maate. Bygda-Snikkerann sa sjølve, at døm ha ikje ty imot ’om Eirik, „han er over oss alle te aa felle Ve’en,“ sa døm. Men saa ha ingen a’an Snikker i Bygden havt saa mykjy go Ambo, hell, som Skroudøl’n ha, han ha tvoug stive Merra-Lass me Snikker-Ambo, da han fløtte inn-i Bygde. Di gamle Bygda-Snikkerann firi honom ha alder meir ’taa di Slagje, hell døm la i ei Skreppe, naar døm skulde burti ein Gard i Arbei’. Skroudøl’n va den fyste Snikker’n i Bygden, som ha Tvi-Tenn[1] i Høvlom sine, firi honom ha alle ein-tennte Høvle og heimsmidde Tenn.

  1. Tvi-Tenn: Dubbelt-Tenn.