Side:Kleiven - I gamle Daagaa.djvu/304

Denne siden er ikke korrekturlest
– 292 –


Skroudøl’n va hal’vegjes ein Einstøing paa summe Vis. Trast han kom hit-i Bygde va han tølot[1], knota og va baade fin og fornem og Bygda-Folke ha jemnan Spel me ’om. Han va mykjy i Arbei’ paa Stor-Gardom og der ha døm ofte Moro si me ’om; enda han va ein ’taa minste Karom som fannst, vilde han vera magtog og skrytte fælt baade ’taa Magten og ’taa di han va saa orimele frisk. Skjyttar vilde han vera ou, og paa Bjølsta senda døm han burti Reinsfjelle i fleire Houste me Øyk og ei gjill Matkløv; men Skroudøl’n kom alder paa Garden att me Ferskmat. Eingong fekk han Tak paa ein Reinshop, fekk godt Stillan og kom i høvele Skotmaal ve’n; da tenkte han ette, at han visst vilde faa slikt Mas og Arbei’ me aa flaa og urde ne Kjøte, at de vilde bli lengje te Maals for ’om, de va nok vissast aa eta ein Beta førr han skout, tenkte han. Og de gjorde han, men da han saa va ferdog te aa klemme te, va Rein – burte. Kjeringje hans, „ho Ingebor“, va hell-ikje fri for, aa vera naagaa for se sjøl; ho va ei framifraa dugele Menneskje, men eit Hard-Jønn og me ein Kjeft, som va namnspord. De gaar att Hermo ette henne den Dag idag og ho raakaa Naglin paa Hugue og kom me Ord, som gjorde baade beit og brennde. Ho og Mann livde i Osamna ra’e og stødt, men naar „ho Ingeborg“ skapte se gale, lout „han Erik“ sjøl smuge onde Benken.

Skroudøl’n eka[2] Snikker-Hannverke fram-te ein go Mon her i Bygden me di, han kom me ny og be’re Ambo og lærde Snikkerom be’re og lett-vinntare Maate i Arbei’e. Han dø i 70-Aarom, mange Aar paa femte Tjuge.



Hellelykkjin.

Han Hans Hellelykkjun va fødd i ein Plass onde Helle paa Lag 1800 og va ein overlag glup Snikker. I Lære va han ikje, de nugun veit ’taa, men ’tok de ’taa se sjøl, all Vegen. De han sers va Mestar te aa arbei’e, va Skattoll og Klukk-Kasso og

  1. tølot: narrvore, storvore.
  2. eka, hell akte, brukast um ein a’an: fløtja smaatt.