naagaa aa finne; døm ha no vissa ikje ligji fram-i me slik Tyngd, at Soga veit aa fortelja um de. De va no hell-ikje den Fellna’n for Stor-Mennom uppi Gullbransdale aa vera me, som de va før døm lenger ut-paa Lannde, ve Sjøkanten og nord-i Trondems-Bygdom. Dal’n laag innstengd og avsi’es og difor vart vissa den nørdre Laaten mestsom utta’-me fraa allt. Dølinn va visst allt i di Ti’om saa heimkjære vorte, at døm sto ikje ette aa søkje ut hell gje se me i Stri’ og Kri’ og difor høyre ein saa lite um døm. Ikje Eingong i di Daag’om, da Lannde va som mest sonnrivi ’taa all Slaastingen millom di ymse Kongsemnom, er de likt te, at Dølinn ha lagt se uppi. Folke treivst best me aa leva heime i di rum-grendte Bygdom, døm ha ikje di store Fjordann te aa lokke se ut, men att-i Sta’n va de Nøgde me Jord naar døm va go-te rødja ’taa Skogen. I Skogom va de nokk ’taa Elg, i alle Fjell va de fullt ’taa- Rein og i di store Dalom i Høgfjelle laag de eine Vatne ette di andre me Oure saa stor og feit, at han ga ikje ette nugun Laks. De va lett aa leva i Gullbransdale og Bøndann sat godt te inna Veggen, difor olst de lite ’taa Utferds-Hog i Bygdom og baade Stor-Menn og Smaa-Fok hygde se best heime. Folketale va lite i Dølabygdom og den Gongen Svartdouin kom og snøydde av, va de ikje saa mykjy aa taakaa ’taa. Va de 5000 Menneskjo i di 4 nørdre Bygdom, saa va de visst Høgde, og i heile Dale va de ikje lett aa sanke nugun stor Folke-Styrkje um ein Stor-Mann skulde faa Hog te, aa gjera eit Varp. De eine me di andre hjolpte te, saa Gullbransdal’n va den rolegaste og fre’elegaste Laaten ’taa Lannde.
Og helst va de heime i Dale millom Bøndom, at Gjæslingann paa Sambu ha Styre og Føringskap; i Manns-Alder ette Manns-Alder va de di store Æktinn som raadde Framgangje og Vokste i Ti’n. Døm va Mønster aat alle, for døm va di einaste, som kom saamykjy ut i de Live, som røyvde se i Ti’n, at døm kunde følgje me di ette som Voksten øykte se te alle Si’o. Kaa Gjæslingann og Eldjønnann kan ha vore paa denne Hande for Dale, er ikje saa lett aa seja no. Men de ha vore ei saa magtog Ækt og me eit saa heilrunne Døla-Kjynnde, at de er ikje te aa tvile paa, at ho ha sett Merkje paa Live, vissa i Nørdre Gullbransdale i hondre’-tals Aar.