Side:Kleiven - I gamle Daagaa.djvu/311

Denne siden er ikke korrekturlest
– 299 –

Og de lyt helst vera ve Gjiftarmaal, at han Sigurd Eldjønn er kome paa Garden, men um de va me ei Dotter hans Olaf i Sundbu og som kunde vore de einaste Baane ette ’om, bli berre ei Gjissing. Hell-ikje finnst de naagaa um, at han Sigurd Eldjarn aatte Valbjør og Sambu.

Go’e Hal’t-Hondrede Aar seinar er de ein Ridder, Sigurd Erlendsson, som sit paa Sambu; han tek i 1336 Tingsvitne paa den Tinglysingje i 1280, som førr er nemnt, og tek sjøl mange Vitne paa, at alle Sambu-Mennann ette ’om Iva gamle Gjæsling ha aatals-loust aatt Heimdals-Vatne. Ette di Eigarann ’taa Sambu Gong paa Gong held de saa trøngjande, aa tinglyse Retten sin aat Heimdale, kan de sjaa ut for, at Valders ikje ha vilja bøygt se korkje for Kongebreve hans Sverre hell Ette-Mennom hans, og de ha visst vore meir hell ei Hard-Kule baade um Vatn og Vei’-Stø’e i Heimdale. Han Sigurd Erlendsson kan tenkjast aa vera Soneson hans Sigurd Eldjarn, men nogor full visse for di finnst ikje. Han va gjift me henne Gudrun Ivarsdotter, Syskjinbaan ve di magtoge Haftorsyninn, Jon og Sigurd, som baae va Dotter-Syninn hans Haakon den V. Ho Gudrun va elles ikje i Skjylde me Konge-Huse. I 1337 va de ein Kanik paa Stor-Haamaar heitte Arne Haraldsson som skriv fraa se all Retten sin aat Heimdals-Vatne og unne ’om Sigurd Erlendsson de te o-anka Eige; denne Mann lyt ette di ha vore ’taa Gjæslingom og ha full havt Odelsrett aat Sambu. Dette kan ty’e paa, at de va ve Gjiftarmaal Eldjønnann kom paa Garden me ’om Sigurd Eldjarn og at de den Gongen fannst nærare Odels-Ervinge i Ækten hell ho, han Sigurd va gjift me. Baade han Sigurd Erlendsson og ho Gudrun dø baanlouse og da ervde Haftorsyninn Jord-Eigunn ho Gudrun aatte paa Romerikje og Agder og Laksfiskje i Soknedale. Jord-Eigunn ette ’om Sigurd ervde Bror hans, han Gunnar Erlendsson, og me di vart han Eigar ’taa Sambu.

Han Gunnar Erlendsson va gjift me ei heitte Jaartru Paalsdotter; kaa Ækt ho va ’taa er ovisst, men de er ikje otruande, at ho er ’taa ei Stor-Ækt vesta’ Fjelle, for der va Jaartru-Namne mykjy i Bruk, men her i Dale er de mest ikje aa finne i di Ti’om. De er ein Ting te, ou, som peika paa saamaa Lei’e,