Side:Kleiven - I gamle Daagaa.djvu/312

Denne siden er ikke korrekturlest
– 300 –

og de er, at de syne se aa vera kome Jord-Eigo i Sogn i Henn aat Gjæslingom paa Sambu. Han Gunnar og ho Jaartru ha full livt te umkring 1360; um døm ha havt Bon ette se finnst de ikje naagaa um men de er stor Von te, at døm kan ha havt ein Son Paal Gunnason og kanhende fleire Syni. Dette er berre ei Gjissing, men er ho rett, so er ho Dotter hans, den Jaartru Paalsdotter, som er Eigar ’taa Sambu att i 1379 og som lyt tenkjast, aa ha vore einsle Baan. Ho va gjift me ’om Hallvard Alfson, Ridder, Riksraa’ og Sysselmann i Nørdre Gullbransdale og døm er gjifte Folk i 1379. Han Hallvard ha vore gjift førr og ha ein Son heitte Paal Halvardsson men me henne Jaartru fekk han ikje Bon. Han ska haa vore ’taa Bolt-Ækten og haa Adelsretten aat Tom i Smaalendom; i Gullbransdale va han Sysselmann te han fall av paa Lag 1428 og da va han ein utleva gomol Mann.

Ho Jaartru Paalsdotter fall av nogre Aar firi ’om Halvard; de ha vore ei rik Fruge som aatte Jord ette heile Dale her og naagaa i Lyster i Sogn. Ette ho og Mann va langt uppi Aare, gjorde døm Brev imillom se um mykjy ’taa Jord-Eigom sine; den som livde lengst ’taa døm, skulde bruke de heile te sin Døyan-Dag men derette skulde Eigunn felle att-ende paa kaar deres Ervinge. Me desse Firi-Ordom ga ho Jaartru ’om Halvard Sambu, Sørem, Ru’i, Snele og Kvenninn i Tessun og ho fekk Skoe paa Fron, Lonke i Øyer, Honderfossen og Sila-Varpe[1] i Laagje. Elles saa ga ho Jaartru burt vonoms meir aat Prest og Kjørkje paa Vaagaa. I 1418 ga ho „Preste te bordheldes og Kjørkjun te uppheldes“ Søre Sonde, ein Part i Raasta-Gardom og tvo ’taa Nørdre Sambu-Gardom. Detta ga ho for Leg’sta[2] aat se paa Kjørkjegarde og te Sjæl-Messo for Foreldr’om sine men ho tok onda, at han Halvard Alfson skulde bruke Nørdre Sambu-Gardann si Leve-Ti’. Søre Sonde høyrde sia’ Prestborde te i um Lag 500 Aar, Raasta og eine Sambu-Garden høyrde

  1. Sila-Varpe, eit ’taa Laagsild-Varpom i Faaberg; Laagsild-Fiskingje va allt den Ti’e i Gong og de va helde for ein stor Lunne, aa eige eit Laagsild-Varp. Varpe ser ut te aa ha vore bytte i fleire Manns-Laate og desse i mindre Laate att.
  2. Leg’sta: Grav-Sta’.