Kjørkjun te langt inn i de nitjande Hondrede-Aare. Me desse Gaavom skjerda ho Jaartru Jordgodse sitt, men ho ha no Raa’ te di, for berre i Heimbygden aatte ho um Lag 40 Hu’e Jord.
I „Reise i Gudbrandsdalen“ 1775 fortel Gerhard Schjøning sumt um Sambu og Gjæslingann ette di, han ha høyrt paa Sambu. De meste er gomol Fortalna som ha halde se igjønom Ti’inn og som elles er lite aa halde se te. Ette di skulde den Sambu-Ridder’n, som laag i Ovenskap og Ofre’ me ’om Sigvat paa Kvi’e, heite Knut Eldjønn og vera gjift me henne Jaartru Paalsdotter. Og saa skulde han Knut ha 7 Syni som va store Otyrmo[1] alle sjoug og sette Live te i Slaasting og Ranar-Ferde. Ingen ’taa døm ha Avkjøme ette se og difor gjekk Sambu i Arv aat ei annor Grein ’taa Ækten; More, ho Jaartru Gjæsling, la saa paa se den Olevna’n aat Syn’om henna, at ho fløtte uppi Skaarvangen og livde deruppi for se sjøl me Faste og streng Bots-Oving. Ho ga Preste og Kjørkjun mykjy Jord te Sjæl-Messo for Syn’om sine.
Me henne Jaartru Paalsdotter døyr Adelsskapen ut i Gjæsling-Ækten; ho er den siste paa Sambu som er gjeve adele Kjenn-Merkje me di ho er kalla Hustru, og som berre Adels-Frugo vart nemnde me. Ette henna Daagaa er Gjæsling-Ækte paa Sambu ei gjæv Bonn’-Ækt som sjølsagt heldt Ækt-Minne sine i stor Ære og alder gløymde døm. Ho Jaartru ligg paa Vaagaa-Kjørkjegarde, men Likstein henna maa longe vera upptærd, for ingen minnist aa ha seett han.
Ette han Halvard Alfson dø 1428, gjekk alle di Jord-Eigunn henna Jaartru Gjæsling som ho ikje førr ha gjeve burt, i Arv aat di neraste Skjyldingom henne. Kaar mange døm va i allt, let se ikje sjaa, men de er namngjeve 4 ’taa døm, Gunna Ivason og Synne Ivasdotter og Gudmun og Arne Tjøstolssyni, di tvo, som sist er nemnde, va Fa’brørann hans Gunna og henne Synne. Men han Gunna ha ein Bror, heitte Paal Ivason og som kan ha vore Sysselmann her i Dale i 1449 da han de Aare set Bror sin te aa halde Takst ivi Innbue paa Kongsgarde Haave paa Bræe. Han Paal Ivason er ikje nemnt seinar og kan tenkjast
- ↑ Otyrme: Odyr, Okrut.