um Mann sjøl er de hell-ikje mykje aa fortelja. Ein ’taa di gamle Adelsmennom i Ækten ha Eingong i Ti’n sett upp ei Kjørkje paa Sambu, helst va de full eit lite Kapel for Sambugardom, men de va gjeve Jord i Søre Sambu aat Prestborde paa Ullinsøy for, at Presten te kaart Aar heldt 3 Messo i Sambu-Kjørkjun. Di tri Messunn va helde Treja-Daagaane i Jul og Paaske og Sante-Olas-Dagen. Den Jorde i Sambu, som va gjeve Prestborde for desse Messunn, va baade han Gunna og Bror hans paa Nigard hoga te faa onde Garden att, og i 1491 fekk døm bytt ho aat se for 1 Hu i Kviksta paa Fron og 1 Øyras-Bol[1] i Segalsta i Ringbu. Presten paa Vaagaa Laurens Andersen fullgjorde dette Byte i Sta’n aat Bisp Herman paa Stor-Haamaar og gjekk inn paa, aa helde di 3 Messunn, som døm ha vore halde fraa gomol Ti’.
Da han Iva fall av 1515, hell nerast der ve, ha han ei Dotter ette se men ingen Son; ho heitte Synne og va gjift me ein ’taa Gjæsling-Ækten paa Fron, han Ommon Tjøstolsson (hell Ivason?) Haarelsta i Kvikne. Kaa nerskjylde di tvoug va er vandt aa greie, men de er helst saa, at han Ommon og Far henne Synne va Trimenninge. Ækte ha te denne Ti’ breidt se vidt paa Fron og va kome inn paa mange ’taa di største Gardom i Bygden. Han Ommon vart no Eigar ’taa Sambu, men de ser helst ut te, at han ha butt paa Haarelsta og lete ein Leiglenning bruke Sambu, enda ein Part ’taa Haarelsta va gomolt Kjørkjegods. Um denne Mann er ikje meir aa fortelja, hell at han i 1528 bøtte me’ „1 Stud og 2 Bpd. Fisk for Dulsmaal“. Meiningje er full, at han ha halde onda ’taa Jord-Eigom sine og ikje svaaraa Skatt ette Takstom; saamaa Aare bøtte Presten i Ringbu „Hr. Hans, 1 Okse i gammel Skiild og 50 Mark for Vold“, „Sivord paa Haave (Fron) 6 Faar for han bandet Præsten“, „Elling paa Boye (Lom) for han laag i Mordstii for Fogden“, „Baard Valbjør (Daagaa) 1 Sengeklæde for Slagsmaal“. Saales, saa va ikje Mann einsle um aa kaamaa i Sak-Fall. I Aarom fraa 1562–64 er han Umbotsmann for Kjørkjun paa Sydorp. Dette er allt, som er funne um han Ommon Haarelsta. Han ha
- ↑ Øyras-Bol: paa Lag 3 Skjinn.